facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for GjeGass AFO

GjeGass AFO

Info

GjeGass AFO er eit alternativ, eller supplement, til den kommunale SFO-ordninga, for elevar i Stryn kommune. Vi har base på Stryn Vinterski. GjeGass!

Historie

Kva er GjeGass, og kva tilbyr vi?
Gje Gass Aktivitetsfritidsordning (AFO) er eit tilbod for elevar frå 1. til 4. klasse, og er eit supplement og alternativ til skulen si SFO ordning. Vi har base på Stryn skisenter og nyttar oss av alle dei moglegheiter som ligg i nærområdet der. Det er også aktuelt å flytte aktiviteten til andre stadar i regionen enkelte dagar.

Vi ynskjer å tilbringe mesteparten av dagen ute, og har fokus på leik, samarbeid, friluftsliv og kreativitet. I tillegg ynskjer Gje Gass AFO å fokusere på sunt kosthald gjennom mat som barna sjølve er med på å lage.

Borna skal i Gje Gass AFO oppleve både utfordringar og meistring gjennom eit bredt utval av aktivitetar. Å ferdast i naturen skal pirre barna sin kreativitet og innebygde leik. Sunn, sjølvlaga mat, tilberedt på bål eller primus, eten i duskregn eller skinande sol, skal bli opplevingar og minner som barna skal hugse i lang tid. Alle treng å bli sett, og vi har eit klart mål om å leite etter, finne og styrke kvart barn sine beste sider. Vi trur at det å trives i friluftsliv krev trening, og at trening gjer meister. Viss du bur i Nordfjord og er vant med å leve med naturen frå du er barn, trur vi det vil vere eit særs godt utgangspunkt for trivsel og god helse i framtida. Vi veit at mange barn strevar med å sleppe taket i notida sine tekniske og sosiale inneaktivitetar, og ynskjer derfor å gje barna eit avbrekk frå dette ved å bruke den fantastiske naturen som finns her i Stryn.

Eksempel på dagsplan heildag:
• 7.30 – 9.00: Kom og et medbrakt frukost med oss inne, eller leik ute på mett mage.
• 9.00: Morgonmøte med alle barna der vi går gjennom dagens plan og fokusområder.
• 9.30: Organisert aktivitet. Orientering, tur, ulike leikar, samarbeidsoppgåver, hinderløype, skitur, matlaging m.m.
• 11.30: Lunsj ute. Vi finn ein passande leirplass og nyt sjølvlaga, sunn mat saman i flott natur.
• 12.30: Organisert aktivitet: Her fortsetter vi turen eller byter aktivitet.
• 15.00: Vi er tilbake på skisenteret (dersom vi har vore på tur). Alle hjelp til med utpakking og rydding av utstyr. Etter dette kan barna leike vidare ute, spele eit spel eller slappe av på ein benk medan dei snakkar om verdas mysterier. Det blir servert frukt for ekstra påfyll.
• 16.30: Barna blir henta og gler seg allereie til neste opplevelsesrike dag.

Eksempel på dagsplan halvdag:
• En vaksen frå Gje Gass AFO møter barna etter skulen på avtalt stad utanfor Strynehallen. Bussen fraktar barna trygt opp til skisenteret.
• 12.00: Fellesmøte med plan og fokusområder for dagen. Et medbragt mat dersom du er svolten.
• 12.30: Organisert aktivitet. Orientering, tur, ulike leikar, samarbeidsoppgåver, hinderløype, skitur, matlaging m.m.
• 14.00: Lunsj ute. Vi finn ein passande leirplass og nyt sjølvlaga, sunn mat saman i flott natur.
• 15.00: Vi er tilbake på skisenteret. Alle hjelper til med opprydding og utpakking før elevene sjølv vel mellom ulike aktiviteter. Det blir tilbod om leksehjelp for dei som ynskjer det.
• 16.30: Barna blir henta og gler seg allereie til neste opplevelsesrike dag.

Kven er det som er klar for å Gje Gass ilag med borna?

Øystein Hesjedal:
Ein 34 år gamal gla`gut og trebarnsfar frå Frekhaug, utanfor Bergen, bachelorgrad i fysisk aktivitet og helse, grunnfag samfunnsfag og praktisk pedagogisk utdanning. Øystein har jobba som idrettslærar dei siste åtte åra og flyttar til Stryn sommaren 2015. Han elskar alle slags aktivitetar og må kunne reknast som veldig allsidig. Han har tidlegere spelt fotball for Sogndal i eliteserien. Øystein brenn for å skape gode opplevingar med andre og er alltid den som sørgjer for at folk rundt seg har det bra.

Einar Dons Brath:
Ein aktiv tobarnsfar som gjennom studietida fekk med seg ein bachelorgrad i idrett, fysisk aktivitet og helse, i tillegg til praktisk pedagogisk utdanning og mellomfag i samfunnsfag. Dei siste åtte åra har han jobba med born og unge i grunnskulen og innanfor idretten. Einar er ein mann som alltid sprer glede rundt seg, og som naturleg tiltrekk seg borns interesse.

Korleis kan ein kombinere Gje Gass AFO og den kommunale SFO-ordninga?

Gje Gass AFO tilpassar sine heil- og halvdagspakkar ut frå den timeplan som skulen fastset, og slik at det er mogleg å kombinere Gje Gass AFO med det kommunale SFO-tilbodet. For skuleåret 2015/2016 ligg det an til at 1. og 2. trinn får 1,5 dagar undervisningsfri, medan 3. og 4. trinn får ein halv dag undervisningsfri. Desse dagane held Gje Gass AFO open for leik og moro! Gje Gass AFO har ikkje tilbod før og etter skuletid dei dagane elevane ikkje har heil eller halv dag fri.

Korleis søker ein om plass på Gje Gass AFO?

Ein må levere eigen søknad til Gje Gass AFO. Meir informasjon om søknadsprosessen finn ein på nettsida www.naturlegaktiv.no. Søknadsfrist 1. mars 2015.

Korleis føregår transport til og frå Gje Gass AFO på Stryn skisenter?

For heildagstilbodet vert det lagt opp til at dei føresette leverer og henter borna på Stryn skisenter. Dette for å ta høgde for at borna vil bli levert og henta til ulik tid. For halvdagstilbodet vil borna etter skuletid bli møtt ved Strynehallen av ein vaksen frå Gje Gass AFO, og ein reiser ilag med buss til skisenteret.

Kva kostar denne moroa?

Gje Gass AFO tilbyr prisar som ikkje avvik vesentlig frå den kommunale SFO-ordninga. For heildagstilbodet er prisen kr 1490 per månad. For halvdagstilbodet er prisen kr 790 per månad. Prisen inkluderer eit varmt måltid, frukt og rikeleg med frisk luft!

Gje Gass!

Adresse: Stryn skisenter, 6783 Stryn
By: Stryn
Rute: Stryn skisenter
Postnummer: 6783



relaterte søk: I Stryn, Stryn skole, 17 mai i Stryn, Stryn kommune innbyggertall, Stryn kommune telefon, Kommunalsjef Stryn kommune, Stryn kommune barnehage, Viltnemda Stryn
Nærliggende lignende selskaper
Nordfjord Outdoor Nordfjord Outdoor 158 meter Outdoor adventures in the Nordfjord region, in the middle of the Norwegian fjords! Ak...
Norwegian Mountains Norwegian Mountains 1 km Oversatt av Google Fantastiske fjell. Original Wonderful mountains.
Hydlaparken Hydlaparken 3 km Flotte løyper for store og små. Alle fikk kjenne på både spenning og mestring og vi s...
Postvegløpet Postvegløpet 4 km 6 km terrengløp. For alle nivå, både konkurranse- og mosjon/trimklasse. Løpet er med ...
Folven Sykkelfestival Folven Sykkelfestival 4 km Fantastisk festival i utrolige omgivelser. En utrolig hyggelig samling med mennesker....
Fysioterapi & Trening - Thomas Heisig Fysioterapi & Trening - Thomas Heisig 8 km Fysioterapi & Trening er en fysioterapiprakis med spesiell tilpasset treningssenter. ...
Turløyper Stryn Turløyper Stryn 8 km Info sjå : www.strynturløyper.no
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler