Gjersetdalen Villmarksområde er eit samarbeidsprosjekt mellom Grytastranda bygdelag, I.L. Norborg, Brattvåg Røde Kors, Rådet for funksjonshemming i Haram, og Haram kommune.
Føremål:
Gjersetdalen Villmarksområde BA skal:
- Oppføre anlegg og bygningar for friluftsaktivitetar i eit regulert område innleigd frå grunneigarane på Gjerset og tilretteleggje/ drive aktivitet i tilknytning til desse anlegga,
- Gi barn og unge brei kunnskap om samanhengane i naturen og samspelet mellom menneske og natur.
- Skape ein møteplass som kan skape fellesskap og litt annaleis relasjonar,
- Gi høve til friluftsliv og glede over fysisk aktivitet og det storslåtte i naturen til alle: det vere seg ung og gammal, funksjonsfrisk og funksjonshemma, organisasjonar og einskildmenneske.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler