Kulturhuset i Skodje kommune, ein stad for mangfaldig aktivitet der vi trivst og har det bra!
Skodjesongen, skriven av Knud Ytreberg for over 100 år sidan, startar slik: "Skodje - Gomers kongesæte, med hans trauste kvilestad".
Gomer var truleg den første som busette seg på Skodje, mange hundreår før Kristus. Han kom etter sagnet langt borte frå og slo seg ned på denne vakre staden. Han hadde nok med seg fleire, og sagnet antyder at Gomer fungerte som ein bygdehøvding.
Gomer er eit svært spesielt namn som får folk til å undre seg. Vi som bur i Skodje, må kunne fortelje besøkande at Gomer var den første som slo seg til her. Og sjølv om vi ikkje veit så mykje om kven han var, må vi i alle fall innrømme Gomer ein kvalitet: Han valde seg ein fantastisk del av landet å slå seg ned på. Det vitnar absolutt om estetisk sans; her er vakkert med fjordar, fjell og skogar. Men det vitnar også om sans for overleving; fisk i fjorden, dyr og vekster i i skog og mark og rikeleg med ferskvatn har gjort at etterkommarane til Gomer har levd godt her på Skodje.
Trivsel, røter og identitet er omgrep som får meining når dei blir knytt til kulturhuset som sosial møteplass og arena for trening, øving og gode opplevingar.
Vi håper at det nye kulturhuset skal medverke til at Skodje blir ein endå betre plass å bu i. Vi må arbeide for eit mangfald av aktivitetar slik at alle, uansett alder, kan tenkje: Skodje har eit tilbod også til meg!
Vi håper mange ser ei naturleg kopling mellom positiv bygdekjensle og identitetsskaping til den første skodjebygdaren.
Gomer er elles eit namn vi kan bruke i ulike kulturelle samanhengar, t.d. Gomer-utstilling, Gomer-cup, Gomer-konsert osv.
Med positiv innstilling vil Gomerhuset litt om litt få den symbolverdien vi er ute etter: ein stad for mangfaldig aktivitet der vi trivst og har det bra.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler