
Velkomen til eit aktivt bibliotek i den nye Kulturbanken, sentralt i Granvin.
I april 2016 flytta biblioteket inn nyinnreia lokalar i gamle bankbygget, midt i kulturløypa i Granvin sentrum - døypt om til Kulturbanken. Vi har fått nye flotte bibliotekavdelingar og kulturstove!
Hjå oss kan du låna frå ei spanande og aktuell boksamling, og vi tilbyr lydbøker, tidsskrift, aviser og film for alle aldrar. Dersom vi ikkje har materale du ynskjer deg, kan dette anten skaffast frå oss eller tingast frå andre bibliotek.
Vi har møte- og studierom, ei lita lokalsamling til bruk i biblioteket, sjølvbetent kjøken, to stasjonære PC’ ar og gratis WIFI. Vi tilbyr òg historiske og utanlandske nettaviser, og har brettspel og teiknesaker for born - samt ein sofa-safe!
Kulturbanken er eit meirope bibliotek. Det vil seie at alle som bur i Granvin kommune kan nytte biblioteket utanom opningstid, ved bruk av lånekort og pin-kode. Aldersgrensa er 16 år. Kontakt biblioteket for info.og avtalekontrakt.
Kulturbanken er aktivt bibliotek, og i Kulturstova skipar vi til arrangement som forfattartreff, teaterframsyningar, konsertar og filmvisingar. Vi har òg lesestundar, klassebesøk og leseaksjonar i biblioteket. Alt som skjer vert lansert her på og på nettsida vår: www.hardangerbiblioteka.no
Vil du tinga møterom?
Lag, organisasjonar, studentar m.m har høve til å tinge møterommet og låne oppbevaringsskap. Kontakt tenestetorget for tinging, utlån av nøkkel og rutinar.
Meir om lånereglar og avtalekontrakt for bruk av meirope bibliotek, kontakt biblioteket. .
Stikk innom då vel!
Granvin Folkebibliotek - Kulturbanken
7 km
Verdas beste bibliotek? Meirope, og bibliotek-loppis i den gamle telefonkiosken utanf...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler