Arbeid me utfører:
Graving
Boring/Sprengning
Stikning
Masseforflytning
Natursteinsmuring
Knusing/Sikting
ADK
Brøyting
Rasrydding
Sal av massar
Då Nikolai A Lillegraven kom frå militæret i 1967, kjøpte han ein Ford Dexta. Denne vart nytta til snørydding i Granvin herad. I perioden fram til 1978 vart det investert i ymse utstyr, mellom anna brøyt, beltemaskin. Borerigg, kompressor, lastebil og ytterlegare to traktorar. Staben auka betrakteleg då Eirik Eide, Øystein Teigland og Jens Holven gjekk inn i partlaget som fekk namnet Granvin Maskinstasjon.
Tilbodet om arbeid var stort og det vart kjøpt lastebil, borerigg, tømmerskjer, beltemaskin og utstyr til verkstad og service arbeid. Firmaet vart Granvin Maskinstasjon AS då Holven og Teigland fann seg anna arbeidet. I 1982 sysselsette verksemda 10 mann og ein allsidig maskinpark. Nye kontor med opphaldsrom vart teke i bruk.
Ved årsskiftet dette året fekk verksemda verkstad og lagerbygg på 170 kvm i Granvin sentrum.
Maskinparken og kompetansen veks år for år. Verksemda har i dag 10 tilsette og tek på seg arbeide i regionen av ulikt omfang og karakter.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler