facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Halsnøy friskule

Halsnøy friskule

Info

Privatskule på Halsnøy i Kvinnherad Kommune

Historie

Det er etablert eit interimstyre som jobbar for ein kristen privatskule på Halsnøy . I dette styret sit Lisbeth Medhus, Odd Einar Simonsen, Per Gunnar Nordbø og Ingunn Koløy.


Kva er ein kristen privatskule?

Ein kristen privatskule er ein skule som baserer drifta si på eit kristent verdigrunnlag. Dette medfører at me får eit Krl fag, (slik det var i heile Noreg for nokre år sidan), der hovudvekta i faget blir Kristendom. Skulen har ei felles morgonsamling, der ein har «Ord for dagen» på om lag 5 minutt + informasjon om skuledagen elles. Utanom desse tinga, vil ein skuledag ved denne skulen verta ganske lik ein skuledag på ein kva som helst kommunal skule. Gjennom å oppretta ein kristen privatskule, vil ein få den skuleformen som er mest lik den vi har i dag når det gjeld undervisning og struktur. Ein vil oppretta timedelinga (undervisning og pausar), samt halda fram med den ordinære undervisninga med klasserom, klasseinndeling og lærarar.

Vil denne skulen berre bli for kristne elevar frå kristne familiar?

Nei, absolutt ikkje! Dette er ein skule for alle som ynskjer å gå der. Vi er overtydde om at nettopp tydelegheita i verdigrunnlaget til skulen vil skapa rom for refleksjonar og sjølvstendig tenking kring store og små spørsmål ved livet. Alle skular påverkar, anten dei har eit uttalt livssynsgrunnlag eller ikkje. Det at kristne skular er tydelege på kva påverknad dei gjev, dannar eit godt utgangspunkt for refleksjon og sjølvstendige avgjerdsler for både elevar og foreldre. Det ligg i det kristne menneskesynet at alle har krav på respekt, uansett tru og meiningar. Kristne skular er svært populære skular, som etter kvart har fått store elevtall der dei er starta. Skulen kan bli ein kvalitetsskule for heile ytre delen av Kvinnherad.



Kvifor kristen privatskule på Halsnøy?

Me ynskjer ein privatskule med eit kristent verdigrunnlag. Me ynskjer å vere eit fullgodt alternativ og eit supplement til den kommunale skulen i kommunen. Det er ein kristen kulturarv dette Noreg er bygd på, og dette ynskjer me å ta vare på. Gjennom privatskulen ynskjer me å bidra til ei kompetanseheving i kommunen. Noreg kjem dårleg ut på nasjonale prøvar samanlikna med resultata internasjonalt. Statistikkar visar at private skular jamt over har høgare gjennomsnittskarakterar og betre læringsmiljø. Desse gode resultata bidreg til at elevar og lærlingar frå kristne privatskular er etterspurt i næringslivet.


Me ynskjer å ta vare på lokalsamfunnet. Det er for mange ein tryggleiksfaktor å ha kunnskap om miljøet borna vankar i. Det at det er ein mindre størrelse på skulen gjer at lærarane kjem tettare inn på elevane. Fleire lokale verksemder har skuleelevane som ei viktig inntektskilde, og flyttar ein ungdomsskulen så flytta ein sentrum også. Næringslivet ser positivt på å oppretta eit privat alternativ for å sikre tryggleik i framtida. Den usikkerheten kommunen har skapt i ei årrekke anngåande nedlegging av Øyatun skule har skapt interesse for at me trygger framtida for Halsnøy..

Søknadsfristen om privatskule er 1. april og får me godkjent søknaden , tar me sikte på å starta allerede hausten 2015. Dersom alt går i orden. Me håpar lesarane går mann av huset til Informasjonsmøte 19. februar. Alle er hjarteleg velkomne .



Mvh Interimstyret.

Adresse: Halsnøy, 5454 Sæbøvik, Hordaland, Norway
By: Sæbøvik
Rute: Halsnøy
Postnummer: 5454


Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler