facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Hamnedagane

Hamnedagane

Info

Kulturdag ved Kleppesjøen. Båtar, buer med sal av handverk og mat, aktivitetar for unge, god kystmusikk og glade folk.

Historie

Med erfaring frå 2015, vert det i år to dagar med aktivitetar, underhaldning, kultur og anna på Kleppe i august.

Hamnedagane er ein del av Kystsogevekene på vestlandet.

Dagane våre skal gi folk eit tilbakeblikk på førre århundre med fiske, musikk, historiar, mat, leik, fysisk anstrenging og mykje anna.

På fredag startar helga med Hamnemila—1852. Ei nautisk mil er 1852 meter som også er strekninga frå Hamna i Kleppesjøen til Kleppeaksla. Dette inviterer til konkurranse for dei spreke og for mosjonistane.

Vivian Steinsland ber vidare tradisjonar frå Johannes Kleppevik og kystkulturen i Sund. På Hamnekonserten på fredag kveld vil du høyre Vivian gjere eigne songer og musikk frå Johannes Kleppevik. Dette vert ein konsert med sterke røter i kystkulturen vår. Konserten har 18 års aldersgrense.

Laurdag vert ein festdag, der folk frå nært og fjernt fyller nausta rundt hamna i Kleppesjøen. Både dei eldre som ønskjer å fortelje frå sine ungdomsår, dei vaksne som ønskjer å lære eller dei unge som kjem for å leike og treffe vener, vil finne noko kjekt her. Hamnedagen 2016 vert fylt med musikk, kultur, leik,

marknad, fiske, kafe, konkurransar, underhaldning og mykje meir. Minneprisen for Johannes Kleppevik skal delast ut på utescena på marknadsdagen.

Vindeloftet vil innehalde ei utstilling av bilete og historiar frå dei tider då Hengjo var i bruk til fiske i bygda. Det er viktig for oss å få fram dei eldre til å fortelje korleis Henjo vart nytta og kva plass ho hadde i bygda.

Der vil ligge eit utval av trebåter i hamna. Båter som kan fortelje og båter som kan ta deg med på ein fisketur. Elias, brann og politibåt vil også kome til glede for barn og vaksne.

For dei som vil starte dagen tidleg, så er det mulig å få prøve seg som storfiskar i den årlige fiskekonkurransen. Der vil det bli konkurrert i fleire klassar om å få heim den største fisken.

I indre hamn og området rundt Hengjo vil det stå ei rekkje marknadsbuer der det vert seld lokal mat og handverk. Der vil også lokale organisasjonar få marknadsført seg. Om det er nokon som vil prøve seg på lykkehjulet eller kaste hestesko så er det høve til det, men dei aller yngste har kanskje heller lyst på ein tur på hesten eller Eliasbåten.

Hamnedagane er ein del av kystsogevekene 2016. Det er no 20. gong dette samarbeidet mellom kystkommunar langs vestlandet går av stabelen. Kystsogevekene ønskjer å skape arenaer for folk til å møtast og dele gode opplevingar—konsertar, båtturar, kultur og marknadar i og ved sjøen.

Adresse: Kleppesjøen, 5378 Klokkarvik
Telefonnummer: 90873923
on.enagadenmah@tkatnok
By: Klokkarvik
Rute: Kleppesjøen
Postnummer: 5378


Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler