
Noregs største fruktpakkeri. Me sorterer og pakkar frukt frå Hardanger til fruktelskarar over heile landet!
Pakkeriet opna i juli 2004 og ligg på Utne i Ullensvang herad, Hardanger. Me har 6 fast tilsette i eit toetasjarsbygg med 400m2 grunnflate. På lageret vaskar, sorterer og pakkar me frukta ved hjelp av moderne verktøy og maskiner – og 35 sesongarbeidarar. Me har 10 kjølerom som til saman kan huse 1500 tonn frukt, eit pakkerom for steinfrukt (plommer og moreller), eit pakkerom for kjernefrukt (eple og pærer), 3 lastebilar og ein varebil. Frukta kjem inn til lageret kort tid etter hausting, og kjem ut att ferdigpakka i kassar, posar, sekspakningar, åttepakningar og beger.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler