facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Hardanger Hundepensjonat

Info

Velkomen til Hardanger Hundepensjonat! På denne flotte garden i Herand, Jondal kommune, vil hunden din kose seg med leik, lufteturar og godt stell.

Historie

Me er eit offentleg godkjent hundepensjonat (starta i 2011) som held til i Herand, ei lita bygd i Jondal kommune i Hardanger. Me er ein aktiv familie på 5, der alle er vane med hund. Morten er far i huset og har drevet aktivt med fuglehund i litt over 25 år. Me driver eit lite gardsbruk og har bygd om driftsbygningen for å ta i mot 20 hundar.
”Romma” er lyse og fine for hundane og lettstelte for oss. Ein luftegard er på plass rett utom veggen. Me har vidare mange mål til disposisjon.
Gode rutinar er på plass. Her skal hunden i sentrum. Blir den fornøgd, blir hundeeigaren det også, og då vert me nøgde.

Hundepassarane:

Morten (55 år): Aktiv med fuglehund (Gordon Setter) frå 1990. Alle er blitt premiert på jaktprøve. Er i tillegg godkjent med ettersøkshund (strihåra dachs, og Norsk svart elghund). Er utdanna dommar for fuglehundprøver, og autorisert ”Instruktør Jakthunddressur” i NJFF. Har 80% stilling i løna arbeid i tillegg til litt gardsarbeid inklusiv vårt hundepensjonat.

Anne Marie (i sin beste alder): Spesialsjukepleiar innan psykiatri. Arbeidsplassen er Odda Sjukehus. Ho er den store turgåaren, og ser fram til mange mil med kjekke hundar på tur.

Eivind (18 år): Skuleelev, som jobbar delvis på pensjonatet. Han tar reinhald, mating, lufting, og ikkje minst er han hundanes beste venn.

Prisar:

Tidsrom 1-14 dagar:
Hund nr. 1: 250,- pr. dag
Hund nr. 2: 200,- pr. dag

Tidsrom 14+ dagar:
Hund nr. 1: 240,- pr. dag
Hund nr. 2: 190,- pr. dag

VIKTIG! HUGS Å TA MED:
-VAKSINASJONSATTEST
Hunden må ha med seg gyldig vaksinasjonsattest.
Den skal vere vaksinert mot:
-Parvovirus
-Valpesyke
-Kennelhoste
-Smittsom leverbetennelse

NB! Vaksinen må ikkje vere eldre enn to år, og ikkje nyare enn ti dagar.

-TEPPE
eller anna underlag med litt kjend lukt.
Ta med noko som lett kan vaskes.
Me har tepper om du gløymer det eller ikkje har.
Me har mat- og drikkeskåler.

-HUNDEFÒR
er inkludert i prisen, men dersom du ynskjer eige fòr til hunden, er du velkomen til det.

-MEDISIN
Brukar hunden din medisin, må du hugse den. Me vil gjerne ha bruken av medisin skriftleg. Send det gjerne på e-post: [email protected]

Adresse: Haugsvegen 12, 5628 Herand, Hordaland, Norway
Telefonnummer: 97717946 eller 95776366
By: Herand
Rute: Haugsvegen 12
Postnummer: 5628



relaterte søk: Hundepensjonat Vestland, Hundepensjonat Geilo, Hundepensjonat Nord Norge, Hundepensjonat Trondheim, Hundepensjonat Gjøvik, Hundepensjonat Drammen, Hundepensjonat Sveio, Hundepensjonat Hedmark
Anmeldelser
Kan hunder ha det bedre enn her?
flott sted å tilbringe en helg
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler