Her kan du bestilla tøybind til eitkvart behov. Glad produksjon og glade kundar er Hjartegodt
Hjartegodt- eg finn gleda i å vere kreativ. Eg har ein underleg hobby, nemlig tøybind. Eg er paddicted som dei sei på engelsk! Eg syr tøybind for mi eiga glede, og for andres glede, eller til andres latter. Men då har eg hvertfall bidratt til litt glede likevel.
Igjennom denne sida kan du bestille tøybind til menstruasjon og inkontinens. Eller skal det være ei tispetruse til løpetid? La det månedlege bli ei meir behageleg, morosam og viss du ønskjer,- ei litt grønare oppleving.
Tøybind er eit godt val for dei som er plaga med allergiar og andre irriterande opplevingar ved bruk av eingongsbind og tampongar.
Tøybind er eit naturleg val for dei som vil vere litt snillare mot naturen.
Det vil bli selt ferdige produkt og det kan bestillast så du får det akkurat som du vil. Då vil du få ein hyggjeleg pakkepris.
Eg vil streba etter å ha eit godt stoffutvalg. Så om du vil ha produktet vannteitt, organisk/ økologisk, så ordna eg dette.
Av tilbehør er det til no snakk om cupspotts (lapp til å ha menskoppen på), og interlabialpads.
Dette er eit lite familieprosjekt, der både eg, borna og mannen i huset(!!!) engasjerast i produksjonen. Av og til kjem nabojentene og vel ut knappar.
Alle produkt blir sydd av meg og kontrollert av min strenge sambuar.
Eg er i samarbeid med raalab.com, og mine tøybind vil etter kvart bli å finne i butikken Råvarene i Skostredet 5 i Bergen som opnar i Mai 2016.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler