Hyssingen Produksjonsskole ligg i Møllendalsveien 63, og opna hausten 2014. Bygningen er teikna av Leif Grung i 1938 til Norsk Hyssingfabrikk. Fram til i dag har det vore industriell produksjon i lokala. Produksjonsskolen tilbyr funksjonelle, nyoppussa
fasilitetar med ei sentral plassering.
Skulen vil det første året tilby produksjon på tre verkstadar; Restaurant og matfag, Bygg og anlegg og Kulturverkstad. Det vil også vere tilbod om undervisning i fellesfag. Vi tek imot 30 ungdomar første året, men utvidar til neste år for å ta imot 45 ungdomar.
Kva er ein Produksjonsskule?
Det grunnleggjande idé- og verdigrunnlaget til Produksjonsskolen er å skape eit praktisk orientert læringsgrunnlag, som kan gje ungdom under 21 år lyst, moglegheit og kompetanse til å gjennomføre ei vidaregåande utdanning eller klare seg på arbeidsmarknaden.
Skulen sine verkstadar vil ha ein reell produksjon og levere varer og tenester til eksterne kundar.
På Produksjonsskolen vil ein få arbeidslivsdanning gjennom å styrke fagleg utdanning, personlege eigenskaper og sosial kompetanse. På arenaen vår set vi produksjonen framfor skuleprinsippet. Det er produksjonen si nødvendigheit, arbeidsfellesskapet og meistring av prosessen som blir våre reiskapar og som set grunnlag for pedagogikken vår.
Kven er Produksjonsskulen for?
Målgruppa til Hyssingen Produksjonsskole er ungdom mellom 16 og 21 år, som har slutta eller ikkje har starta i videregåande opplæring i Hordaland. Ungdomen kan vere på på Produksjonsskolen i inntil eitt år, med målsetjing om å returnere til ordinær utdanning eller jobb.
Produksjonsskolen er eit tilbod til dei som treng å finne retning og utnytte sitt eige potensiale i eit inkluderande miljø, der ein legg til rette for ei pedagogisk tilnærming til læring, med utgangspunkt i anerkjente relasjonar til ungdom.
Praktiske opplysningar:
Innsøking til Produksjonsskolen går gjennom OT/PPT:
Bergen sentrum/Vest
Telefon: 55 23 94 70
E-post: [email protected]
Bergen Nord
Telefon: 55 53 91 30
E-post: [email protected]
Bergen Sør
Telefon: 55 11 74 50
E-post: [email protected]
Hardanger/Voss
Telefon: 56 51 47 80
E-post: [email protected]
Sunnhordland
Telefon: 53 40 20 40
E-post: [email protected]
Andre spørsmål om Hyssingen Produksjonsskule kan rettast til dagleg leiar Baste Bruarøy.
Telefon: 97196055
E-post: [email protected]
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler