
Me er ein liten fruktgard i vakre Hardanger som byr frukt, honning og historisk overnatting. Bed & breakfast.
Det er ikkje berre frukt, honning og eplesaft me kan tilby på Indre Bjotveit Gard – sidan i fjor kan ein òg overnatte her. Vårt gjestehus er eit hus med sjel og sitt heilt eige historiske særpreg. Huset vart bygd av Johannes Bjotveit som i lag med broren Gunnar G. Bjotveit eigde og dreiv Brødrene Bjotveit kunstmøbelfabrikk. Gjestehuset vårt er møblert med møblar frå denne tida, og me vil såleis skape eit levande museum og minne om kunstmøbelfabrikken.
På Indre Bjotveit Gard, omgjeven av frukttre og eit vakkert landskap kan du slappe av og kvila ut. Om morgonen blir du vekka av lukta av nysteikte rundstykke til frukost. Eit innhaldsrikt frukostbord med eigne og andre kortreiste produkt ventar på deg i gamlestova.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler