Velkommen til ILOS' side! Her deler vi informasjon om arrangementer og annet stoff som kan være av interesse for våre studenter og ansatte.
Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo er eitt av dei største og mest mangfaldige fagmiljøa for humaniora i Norden.
Vi har om lag 100 vitskapelege årsverk og om lag 1400 studentar.
Litteratur opnar for eit eineståande innblikk i menneska sine opplevingar og forståing av seg sjølv og verda. Litteraturstudium tilbyr studentane eit teoretisk og metodisk verktøy for å analysere litteratur på ein vitskapleg måte. Vår mangfaldige forsking gjev grunnleggjande innsikt i litteratur og utfordrar rammene for menneskeleg erkjenning og refleksjon. Forskinga omfattar òg dei skiftande historiske vilkår og verdi som litteraturen har i ulike kulturar.
Områdestudium av Europa og Amerika gjev kunnskap om samfunn, kultur og språk frå to kontinent som i lang tid har prega internasjonal politikk, økonomi og kultur. Den faglege breidda innanfor Program for europeiske og amerikanske studium er unik i Norden. Forskinga gjev viktig innsikt i historiske og dagsaktuelle samanhengar i bestemte geografiske område, som til dømes Latin-Amerika eller Russland og dei postsovjetiske arvtakarstatane.
Europeiske språk omfattar dei mest brukte språka i verda, som spansk og engelsk, men òg andre moderne språk og dessutan språk som gjer seg gjeldande i dagens Noreg, som polsk og bosnisk-kroatisk-serbisk. I ei verd prega av kulturell kompleksitet og politiske omskifte er det viktig å kunne språk. Studentane våre lærer ikkje berre å bruke framandspråk, men òg å reflektere over språk og kva språk har å seie i ei globalisert verd.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler