Astrid Ersland Sandvik, Registrert traumeterapeut IoPT. Veiledar for NTF , med base på Bømlo, www.iopt-bomlo.no
Drømmen om å leva lykkelig, elska og bli elska, vera fri og sterk er viktig for oss menneske. Slik har det vore til alle tider.
Og når drømmen går i knas, kva då?
Her er kva ein mann sa til meg (han har levd så lenge at han har blitt bestefar):
"Mange av oss har lysst å gøyma oss i ein krok. Vera der ei stund.
Men så blir det til at ein blir ståande med ryggen inn i kroken.
Stadig på vakt og i forsvar mot alt som strøymer på i livet.
Men det eg har lysst til er jo å gå ut i rommet, ut av kroken.
Pusta og leva fritt, møta menneske utan å gå i forsvar, gjera noko av det eg drømmer om."
Det finns i dag mange ulike reiskap for bearbeiding av vanskelege følelsar og vonde minner. Nokre øver opp kontroll over tankar, andre brukar medisinar for å dempe det vanskelege. Eg arbeider etter Dr. Franz Rupperts teori og metode.
Sjå meir om teorien i anna notat.
Det er opp til deg å definere kva du treng, anten det er traumeterapi eller noko litt enklare, som sjølvutvikling. Det går ofte ut på det same.
Det handlar om å finna trygge måtar å øva seg på å gå ut av kroken og utforska sitt frie rom.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler