facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Ivar Aasen-tunet

Ivar Aasen-tunet

Info

Utstillingar, arrangement og andre hendingar i Ivar Aasen-tunet.

Historie

IVAR AASEN-TUNET gir born og vaksne gode opplevingar av språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk.

Ivar Aasen (1813–1896) var mannen som endra norsk språkhistorie. Allereie i 1836, 22 år gamal, hadde han klare tankar om korleis ein burde gå fram for å gjenreise det norske språket i skrift. Aasen meinte ein burde ta utgangspunkt i alle dei norske dialektane. Språkforskaren reiste dermed halve jorda rundt innanfor grensene i Noreg for å finne det norske språket.

Ivar Aasen-tunet ligg der Ivar Aasen var fødd og voks opp. Her skreiv han sine første ord og plukka si første symre. I Noregs eldste personmuseum frå 1898 finn du fem bygningar frå fire hundreår og eit uteamfi som har vore stemneplass i over hundre år.

Arkitekturen i Ivar Aasen-tunet er ei oppleving i seg sjølv. Hovudbygningen frå 2000 er teikna av den verdskjende og prislønte arkitekten Sverre Fehn (1924–2009) og er heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg, Houens fonds diplom. Bygningen er teikna i samspel med landskapet og dei historiske omgivnadene, og både i form og tanke spring den ut av eit møte mellom fortid, notid og framtid. Vi har eigne arkitekturomvisingar om sommaren.

Utstillingane opnar for fleire sansar, med installasjonar om språk og kultur som du både kan sjå, høyre og ta på. Du kan sjå kladdearka Ivar Aasen aldri rakk å bruke, høyre forfattarar fortelje om dikting, og snurre på ein globus som viser utbreiinga av skriftsystem verda over. Kunnskapsrike omvisarar tek deg med i utstillinga og gir deg forteljingar til undring og ettertanke.

Tunkatt og ordspion Lurivar har sin eigen hems med bøker og aktivitetar. Tysdag og fredag i sommarsesongen tek han borna med på tur i utstillinga og funderer over stort og større saman med dei. Dei dagane han er på farten og samlar fleire ord, passar han likevel på å vere representert i tunet, på sitt eige smålåtne, framfuse kattevis.

Ivar Aasen-tunet byd på eit breitt, spennande og annleis kulturtilbod til både vaksne og born. Høgdepunktet er Dei nynorske festspela siste helga i juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen. Her får du alt frå store konsertopplevingar til nære forfattarmøte, gode samtalar og debattar, kunstutstilling og barnearrangement.

Bokhandel, platesjappe og gåvebutikk i eitt! Her finn du gåvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt og nyttig utval av varer ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for born og vaksne. Ein stor del av varene finn du også på handlenett.no.

Kafeen serverer enkle, heimelaga lunsjrettar og kaker med innslag av kortreiste spesialitetar. Skin sola, er utekafeen ein sjølvsagt stad for å nyte ei god bok eller ferske nynorskaviser. Vår eigenproduserte "Tunpølse frå Åsen" kan du også kjøpe med heim.

Ivar Aasen-tunet er eit godt utgangspunkt for lette turar på godt oppmerkte turstiar. Ordløypa til Lurivar leier opp til utsiktspunktet Høgetua. Der finn du kvar sommar to postkasser med gode, nynorske barnebøker, som du kan lese på kvilebenkane med fager utsikt til Hovdevatnet.

Adresse: Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, More Og Romsdal, Norway
Telefonnummer: 70 04 75 70
By: Hovdebygda
Rute: Indrehovdevegen 176
Postnummer: 6160


åpningstider

Mandag: 10:00 - 16:00
Tirsdag: 10:00 - 16:00
Onsdag: 10:00 - 16:00
Torsdag: 10:00 - 16:00
Fredag: 10:00 - 16:00


relaterte søk: ivar aasen dikt, ivar aasen hotell, ivar aasen tunet nettbutikk, ivar aasen søsken, dei nynorske festspela, ivar aasen tekster, ivar aasen truse, ivar aasen trondheim
Anmeldelser
Interessant personlighet - langt ut over det å være nynorskens "far". Interessant film og spesielt kult med musikkvideo anno 2020!
Jeg besøkte dette tunet / museét i påsken. Tunet var vakkert; vakre bygninger i vakker natur. Her fikk man servert mye historie om Ivar Aasens liv og oppvekst. Man har også en moderne bygning som det er verdt å besøke. Her får man informasjon om det nynorske språket, verdensspråkenes historie generelt, men uten at detaljene blir tatt med, samt en innføring i hvordan det var på Ivar Aasens tid. Inne i hovedbygningen, eller besøkssenteret, er det også en kafé der man kan sitte seg ned hvis man vil spise og ha seg en kopp kaffe.
Vårt språk er vel viktig: Her er energi! Mye har skjedd på tunet..og gratis tusler man rundt og kan gå inn i det gamle hus.... Flott ny kafe bygget. Ok for familier. Litt vanskelig for de som har vansker med å gå selv.... Vakkert
Koselig sted, fin lokal, og suvenir butikk. Men kjedelig kafé, og ingenting for små barn under 2 år. Overpris før inngang.Besøkte stedetPå en helgedag
Fint å hylle nynorskens far! Kanskje ikkje så spennande for utanlandske turistar?
Episk plass med fint amfi og eksepsjonell service og nynorskens vugge. Møtte opphavsmannens barnebarn ved en tilfeldighet og fikk både bilde, informasjon og grunnlag for flere trivelige historier å berike eller plage omgivelsene med. Absolutt verdt turen å svinge innom denne språkhistoriske perlen i det norske samfunn og grunnlaget for 25% ekstra mangfold i eteren.
Bra museum. Anbefaler å se filmen om Ivar Aasen først. Bra lagd.Besøkte stedetPå en ukedagVentetidIngen ventetidForhåndsbestilling anbefalesNei
Fint tun og informativt museum
Veldig hyggelig guide som viste oss rundt. Likte videoen best, kunne vært enda mer om selve livet til Ivar Aasen.
Et unikt museum som vel må være det eneste i sitt slag i Norge. Fin og morsom utstilling. Her er museumsbutikk. Hyggelig betjening! Bygningene ligger landlig til med rolige omgivelser.
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler