
Jølster Handbakklubb
I Norge har handbak vore organisert idrett sidan 1989. Klubben vår vart stifta i juni 1991 av Ottar Berg, Tom Årdal og Jan Erik Sunde.
Våren 1991 kom Torkel Ravndal, medlem i Norges Handbakforbund og verdensrekordhaldar i styrkeløft, til Førde for å halde oppvisning i styrkeøvelser og handbak. Han hadde til formål å finne gode og lovande handbakbrytarar. Ravndal plukka ut 5 handbakbrytarar frå Sunnfjord til det som skulle bli vårt første stevne: Fredrikstad Open. Dette var eit stevne for Norgeseliten og kvalifiseringsstevne for EM som skulle arrangerast i Norge, august 1991.
På Fredrikstad Open deltok frå Sunnfjord: Ottar Berg, Tom Årdal, Jan Erik Sunde, Arnhild Sollid og Jorunn Sollid. Dette gjekk svært bra. Ottar, Tom og Arnhild kom på 2. plass i sine klassar og kvalifiserte seg til EM samme år. Jan Erik og Jorunn kom på 3. plass i sine klassar. Handbakklubben frå Jølster markerte seg ifrå første stevne og det vart då bestemt at dette måtte satsast skikkelig på.
Jølster Handbakklubb har arrangert Norgescupstevne i Jølster 1992, 1994 og i 1995 og Norgersmesterskap i 1996 og 2003. Jølster Handbakklubb starta i 1991 med medlemmane nevnt over og var då blant dei minste klubbane i Norge. Klubben vaks fort frå 1991 til 1996 og stilite med 17 aktive brytarar på NM i Jølster der vi vart beste klubb samanlagt.
Frå og med 1997 vart det eit generasjonsskifte, 15 medlemmar avslutta karrieren, samtidig som 5 nye starta. Klubben telde då 7 medlemmar. Dette var den stabile medlemstalet frå 1997 til 2002. I 2003 på NM heimebane var vi igjen 12 aktive brytarar og vart 5. beste klubb samanlagt.
Frå og med 2003 vart det endå eit lite generasjonsskifte der 8 medlemmar avlsutta karrieren, og klubben var nede i 4 medlemmar. Frå 2003 til 2011 har medlemstalet auka gradvis igjen og vi er no oppe i 15 medlemmar, derav 8 aktive.
Under NM på Os 2011 vart vi 2. beste klubb samanlagt.
Klubben har i år 20-årsjubileum. (2011)
Nokre av medlemmane har lang erfaring innan sporten:
Ottar Berg har vore leiar og aktiv brytar samanhengande frå 1991 til 2011.
Arthur Haltvik har vore aktiv brytar samanhengande frå 1996 til 2011.
Jan Erik Sunde har vore aktiv frå 1991-1993, år 1996, år 2001, år 2003, år 2010-2011. (8 år totalt)
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler