Jørn Hilme-stemnet er den store og intime folkemusikkfestivalen, og byr på intimkonsertar, kurs, kappleik og større framsyningar. sjå www.hilme.no
Jørn Hilme–stemnet vart skipa i 1960 og er den eldste folkemusikkfestivalen i Noreg.
Det er Valdres Folkemuseum, og den dåverande styraren Eiliv Odde Hauge som har æra for at stemnet starta tilbake i 1960. Etterkvart tok Valdres Folkemusikklag over ansvaret for gjennomføringa, og ofte var det den tilsette folkemusikksekretæren som gjorde mykje av førebuingsarbeidet.
Stemnet vart ved starten gjeve namn etter Jørn Hilme (1778-1854). Han var ein storspelemann frå Ulnes i Nord-Aurdal. Skjegle-Jørn, som var eit av mange namn på Jørn, hadde avgjerande innverknad på hardingfelespelet i Valdres, og fekk også stor innverknad på spelet i Hallingdal, i Sogn og på Voss. Mange av speltradisjonane i Valdres reknar seg meir eller mindre tilbake til Jørn, og storspelemannen Olav Moe var særleg ivrig i å trekke liner til Jørn. Stemnet var frå starten ein kombinasjon av kappleik, konsertar, teater og dans, og ved opninga i 1960 vart det t.d premiere på ei teaterframsyning om Jørn Hilme, men mange da dåtidas mest profilerte spelemenn i rollene.
Dei siste åra er konsertane ytterlegare vektlagt, men kappleiken er framleis ein av dei største i landet. Nettopp kombinasjonen av kappleik, festival, kurs, dans og fest gjer stemnet populært. I tillegg er dei små stovene på Valdres Folkmuseum og konserten i stølsområdet Jaslangen to arenaer som har vore med på å definere Hilme–stemnet dei siste åra.
Strunkeveko, ei kursveke for ungdom, er ein direkte avleggjar av Hilme–stemnet, og blir arrangert same veke som Hilme–stemnet kvart år. Sidan 2009 har Valdres Folkemusikkarrangement AS stått for drifta av festivalen. Dette er eit ideelt AS eigd av Valdres Folkemusikklag som er regionlaget for alle spel– og dansarlag i dalen.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler