Joar Solberg Trafikkskule har eksistert sidan 1993, og består av tre tilsette, to trafikklærarar og ein kontormedarbeidar. Me held til på Fosshaugane Campus. Gå inn hovudinngangen ved Sogndal vidaregåande skule og du finn oss på venstre sida, rett ved Sisof.
Sjefen sjølv er sjølvsagt Joar Solberg! Han gjekk ut frå Statens Trafikklærerskole i 1988, og har mange års erfaring innanfor trafikkopplæring. Han kan tilby opplæring innanfor fleire førarkortklassar. Desse er då bil, bil og hengar, traktor, moped og MC.
Han har to ansatte. Geir Frode Lunden og Ann Kristin Fardal Bakken. Geir Frode gjekk ut fra trafikklærarutdanninga i 2005 og Ann Kristin gjekk ut i 2009. Begge kan tilby føraropplæring på bil.
Vårt mål er å veilede våre elevar gjennom trafikkopplæringen på ein sikker og effektiv måte. Trafikkopplæringa her i landet er fastsatt av Vegdirektoratet. I dei forskjellige førarkortklassane er det fastsatt ulike læreplanar som må følgast.
Læreplanen er inndelt i øvelsar eleven må igjennom for og til slutt nå målet om å ferdast i trafikken på ein trygg og effektiv måte. Oppkøyringen er då ein kontroll på at dette målet til slutt er nådd.
For å lettare nå dette målet er det viktig å køyre så mykje som muleg heime. Dette gjer til at ein får mykje meir erfaring, og førarkortet blir billigare!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler