Eit flott friluftsområde med historisk sus. Fine turstiar, fiskevatn og eit rikt dyreliv.
Enkel kafé på utvalde dagar. Me har ikkje innlagt straum/vatn
Velkomen til Kjos! Her har folk levd med og av naturen i meir enn 1500 år og etterlatt seg fleire spor i landskapet. Dyrelivet er rikt. Her er bever, fjellvåk, elg, røyskatt, trane, storfugl, rådyr mm.
Stiane går mellom dei gamle slåttestaulane i eit lett kupert terreng. Det er høve til å fiske i fleire vatn og du må gjerne sette opp teltet ditt.
Om vinteren blir det kjørt opp flotte skiløyper i området Markin, Kvambekk, Kjos og Angre.
Opningstidene til kafeen vil variere gjennom året og i stor grad vera knytt til feriar og høgtider.
Det er parkering på Kvambekk og ca 3km å gå langs grusveg inn til Kjos. Eller ein kan fylgje stiar frå dei ulike hytteområda i omegn. Om vinteren er det fint å gå på ski inn.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler