facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Kattnakken Triathlon

Kattnakken Triathlon

Info

I år vert det Kattnakken triathlon 18. august 2018

Historie

Konkurransen er ikkje meint blodseriøs, men for enkelte kan den verte eit blodslit. Me vonar på deltakarrekord i år også. Salsargumenta våre er.

For godt trena folk:
Det er ein fin tur og i målområdet ventar brus og frukt. Som bonus kan de på veg ned att frå fjellet nyta smerten i andletet til alle dei utrena deltakarane som er på veg opp.

For vanleg trena folk:
Ei variert og litt hard treningsøkt. Om det ikkje vert for mange godt trena deltakarar, så er det truleg brus og frukt til Dykk også. Ved å sjå dei godt trena deltakarane kan Dykk få motivasjon til å trene meir. Ved å sjå på dei utrena deltakarane kan Dykk trøyste Dykk med at det er folk som er verre stilt enn Dykk.

For utrena folk:
Ein manndomsprøve og milepel i livet. Noko De kan fortelje borneborna Dykkar om, og dei vil nekte å tru det. Det er slike som Dykk som har bygd opp landet, som set i gong med noko De ikkje anar konsekvensane av, men gjennomfører det. Truleg er det heller ikkje noko igjen av brusen og frukta på toppen.

Hugs: Dersom du er for pysete til å stilla på den individuelle tevlinga, kan du lokka med deg nokre pingler og stilla i lagkonkurransen.

Startkontigent: 200 kroner individuell start
300 kroner pr lag

NB: Dette er ikkje noko offisiell konkurranse og deltakinga er på eige ansvar!

Gamal webside med arkivstoff:
https://www.facebook.com/pages/12-Kattnakken-triathlon-17-august-2013/211679285537643

Løypeinformasjon:
Symjing: 700 m i Ådlandsvatn Høgdeforskjel: 3 m
Sykling: 10 km fra Saneset til Heio (p-plass) Høgdeforskjel:400 m
Springing: 2,5 km fra Heio opp Kattnakken Høgdeforskjel: 320 m

Adresse: 5416 Stord Island, Hordaland, Norway
By: Stord Island
Postnummer: 5416


Nærliggende lignende selskaper
Lundstre Lagbygging Lundstre Lagbygging 2 km Lavvo (plass til 100) og grillhytte (plass til 20) i eige tun til din disposisjon. Me...
Osvald Utescene Osvald Utescene 2 km God service og hyggelig betjening. Var litt mørkt og dyster farge og interiør.
Stord IL Skeiser Stord IL Skeiser 3 km Den offisielle facebooksida til Stord IL Skeiser. Det blir sporadiske oppdateringar o...
Stord Tennisklubb Stord Tennisklubb 3 km Informasjon frå og om Stord Tennisklubb.
Stord Handball Stord Handball 3 km Stord Handball er breddegruppa for handball i Stord Idrettslag. Gruppa består av yngr...
Stord Friidrett Stord Friidrett 3 km Den offisielle facebooksida til Stord Friidrett. Trykk liker for å motta nyheiter, bi...
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler