Kiropraktor hos Ørsta Fysioterapi AS
Medlem av Norges Kiropraktorforening
For timebestilling ring 47664702
Kristine er utdanna kiropraktor (Master of Chiropractic) ved Anglo-European College of Chiropractic. Ho har jobba ved klinikkar i England, Sogndal og Herøy. Her har ho behandla pasientar i alle aldrar og fått brei erfaring innanfor allmennkiropraktikk. Samstundes har ho teke fleire kurs og vidareutdanning innanfor tørrnålsbehandling, blautvevsteknikkar og svimmelheit. Kristine er spesielt opptatt av behandling av barn og gravide og skreiv blant anna sin masteroppgave om kolikk, søvnvanskar og ammings-problematikk.
Kristine brukar god tid ved førstegangskonsultasjon for å kunne gjennomføre sjukehistorie, undersøking og behandling. Behandlingane deretter brukar ho ein halvtime på. Ho er oppteken av å finne årsaka til problema dine og ikkje berre behandle symptoma. Kiropraktorar er mest kjende for behandling av ryggplager, men behandlar også andre tilstandar, som til dømes skulder- og armsmerter, kne- og fotsmerter, hovudverk og kjevesmerter for å nemne nokre.
Kristine er autorisert kiropraktor, MNKF, og medlem av Norsk Kiropraktorforening.
For timebestilling, ta kontakt på tlf 47664702
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler