Historia om fjell og klima i Jotunheimen, med avslutning i den spektakulære istunnelen! Dagleg juni-september.
Bli med 60 meter inn under isen - 6000 år attende i tid ved Galdhøpiggen i Jotunheimen. Lær om vår klimahistorie og fleire tusen års historie om jakt og fangst. Ta med heile familien inn i isen og opplev fortida på nært hold!
"Ved foten av Galdhøpiggen ligg ein 375 kvadratmeter handhogd istunnel fylt med is-skulpturar og arkeologiske skattar. Kvar dag frå midten av juni til langt ut i september, kan du bli med inn i isen. På vegen fram til tunnelen lærar du om jakthistorie, klimaendringar, tinande permafrost, smeltande snøfonner og dyra og plantane som overlev i dei barske fjella. Turane startar ved Juvasshytta, omlag 45 minutt i bil frå Lom sentrum."Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler