Homlagarden
Kvar morgen flakser hundrevis av kalkun ned mot frukttre og grøne bakkar i Hardanger. Dei meskar seg i natureng med blomar og frodig gras, ville bær og urteplanter. Nasker til seg litt eple og plomme i ny og ne og lever glade dager i det fri. På ettermiddagen vandrar dei heim til kveldsmat og kvile.
Homlagarden, ved Økodrift Homlagarden AS, har årleg ein produksjon av økologiske kalkun på 7 bruk i Hardanger og eit bruk i Vestfold. Eit inovativt driftssamarbeid der Homlagarden eig og administrerer produksjonen, men leiger bygg, areal og arbeids-kraft frå dei samarbeidande bruka. Drifta er godkjent av Mattilsynet og DEBIO. Produksjonen er på omlag 13 000 kalkun årleg. Desse vert slakta og pakka i eige slakteri, Homlagarden fjørfe-slakteri.
Økodrift Homlagarden fekk tildelt Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris i 2009, er kåra til ¨Årets leverandør for økologisk produkt 2010 og fekk tildelt Økoprisen Vestlandet frå Norsk Økologisk Landbrukslag i 2011. I tillegg er vår brystfilet nominert til ¨Det Norske Måltid 2011¨ og fekk vår lårfilet nominasjonen i 2012.
Homlagarden er Norges største produsent for økologisk kalkun.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler