Kommuneplanen er eit av kommunen sine viktigaste styringsverktøy, og den nye planen skal gjelde fram til 2024.
Kvam herad skal rullere kommuneplanen sin arealdel og samfunnsdel. På facebooksida vil Kvam herad vil kome med nyttig informasjon om planprosessen. Ansatte i administrasjonen vil ikkje diskutere saker på sida, men me ynskjer å etablere ein arena der innbyggjarar, hyttefolk og andre interesserte kan lufte sine tankar og idèar om kommunen si framtid.
VIKTIG:
Konkrete innspel som skal vurderast og sakshandsamast som del av planarbeidet kan ikkje sendast inn via facebook. Dette må sendast inn på eigne skjema:
Arealdelen: http://www.kvam.no/informasjon/filarkiv/26062013_112850.pdf
Samfunssdelen: http://www.kvam.no/informasjon/filarkiv/26062013_112823.pdf
Kvam herad forbeheld seg retten til å slette eventuelle innlegg med ord og uttrykk som ikkje høver seg i den offentlege debatten. Me vil og fjerne innlegg som me meiner har lenke til virus og upassande sider.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler