facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Kong Beles veg 16-18

Kong Beles veg 16-18

Info

Denne eigedomen vart opprinneleg reist som Hotel Balestrand i 1892. No er det eit bustadhus med 6 bueiningar. Huset ligg midt i sentrum av Balestrand.

Historie

Føremålet med denne sida er å samle litt av historia til eigedomen, og samstundes informere ålmenta om kva som skjer med bygget akkurat no. Har du gamle bilete, eller om du har noko å dele eller fortelje om denne unike eigedomen med den rike historia, er du velkomen til å dele det med oss på denne sida!

Der "Gamlebanken" ligg i dag, har det vore gamal handelsstad i Balestrand. Frå gamalt av skal visstnok staden ha hatt namnet Holmavollen. Ungdomen hadde Jonsokdans der. I åra 1859 til 1889 hadde handelsstaden ulike eigarar, men i 1889 kjøpte Nils Johannesson Rendedal frå Vetlefjorden eigedomen. Nils hadde hotellplanar og bygde dette flotte anlegget i 1892. Kona hadde vore i hotellære i Bergen. Staden fekk namnet Hotel Balestrand, og var ein vakker stad med god service. Ein engelskmann som heitte H.J. Goodman fekk oppleve at Nils dansa springdans for han. Han var imponert over nordmenn sine dugleikar på dansegolvet. Grunnen var i fylgje Goodman at "om Vinteren er på mange Steder Dans deres eneste Fornøielse." Dette vakre anlegget vart ombygd og sjøbua rive like etter krigen.

I 1892 hadde huset ei heilt anna utforming enn no, men vart diverre rasert i ei ombygging midt på 1950-talet. Då vart den eine fløya fjerna, samt at 3. etasje vart fjerna og det vart lagt nytt tak.

Opp gjennom tida har det vore mange slags aktivitetar i huset. Her har det vore alt frå slaktar til frisør, telegrafstasjon, skulekontor og bank. Huset vert framleis kalla for "Gamlebanken" på folkemunne i bygda.

No er det 6 bueiningar i huset, huseigar bur i 16A og dei fem andre er utleigde.

I 2007 vart eigedomen seld av Balestrand Rådhus AS til Lin Åm Fuglestad og Ole Fuglestad. Det vart sett i gang eit større rehabiliteringsprosjekt. I 1. etasje hadde heimesjukepleien hatt tilhald før overtakinga. Desse kontorlokala vart no omgjort til 2 bueiningar, 16A og 18A. Her vart alt rive heilt ned til bjelkelaget, og nye leilegheiter bygd opp med gjennomgåande høg standard.

Den 1. juli 2010 kunne ein ny leigetakar flytte inn i den nyrenoverte leilegheita 16B i 2. etasje. Den 1. september 2012 kunne me presentere ein heilt ny leilegheit i 2. etasje, 18B. Og den 8. november 2013 kunne me endeleg overrekke 18C til ein ny leigetakar. Dette er ei lita leilegheit, men er likevel fullt funksjonell med kjøken, bad, stove og sovehems.

No er det altså to bueiningar i 1. etasje og 4 bueiningar i 2. etasje.

Det neste prosjektet som skal gjennomførast på eigedomen er å fullføre bygginga av nye balkongar på oppsida av huset, nær vegen. Balkongane vil kome til nytte og glede for leigetakarane i 16B og i 18B. Under balkongen til 18B vil det bli utviding av gang og soverom til leilegheita 16A.

Adresse: Kong Beles Veg 16-18, 6899 Balestrand
Telefonnummer: +47 93413695
By: Balestrand
Rute: Kong Beles Veg 16-18
Postnummer: 6899


Nærliggende lignende selskaper
Balestrand inspirerer deg Balestrand inspirerer deg 20 meter Bli inspirert av video, tekst og bilder frå Balestrand.
St. Olafs kyrka, Balestrand St. Olafs kyrka, Balestrand 103 meter Vakker liten kirke fra 1897. Byggingen av kirken ble satt i gang av Knut Kvikne, hote...
Balejazz Balejazz 154 meter Kviknes Hotel is a hotel, located by the Sognefjord in Balestrand, Norway. The hotel ...
Thuegaarden Apartment Balestrand Thuegaarden Apartment Balestrand 205 meter 5 doble rom apartements hjerte av Balestrand - Sognefjord.
Nature Trail Kreklingen Nature Trail Kreklingen 251 meter Oversatt av Google Vi er ikke særlig spreke, men klatret så høyt vi kunne. Flere rute...
Gone Paddling Balestrand Gone Paddling Balestrand 799 meter Vi leverer guidede kajakkturer og kajakkurs i Sognefjorden, med utgangspunkt i Balest...
Esefjorden Esefjorden 939 meter Esefjorden on Sognevuonoon kuuluva sivuvuono Sognin ja Fjordanen läänissä Länsi-Norja...
Villa Sognefjord Villa Sognefjord 7 km Oversatt av Google Her kan du fortsatt la din sjel dingle. Boligen byr på mye plass b...
Balestrand fjord adventure Balestrand fjord adventure 8 km Fantastisk RIB tur til flere severdigheter. God lokalkunskap på guiden båt fører En t...
송네 피오르 송네 피오르 20 km 송네 피오르는 노르웨이 송노피오라네 주에 있는 노르웨이에서 가장 큰 피오르이다. 길이는 204 Km로 전 세계에서도 두 번째로 긴 피오르이다. 피오르의 ...
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler