Info
Koppen har kanskje det mest komplette bygningsmiljøet i Hordaland. Med elleve gamle bygningar som ligg naturleg plassert i tun og utmark.
"I ein stille og fredfull liten sidedal finn du garden Koppen. Her finst spor etter busetnad frå over 1000 år sidan. Koppen består av 14 bygningar i utmark og innmark, frå 1600-talet til i dag. Store delar av kulturlandskapet er intakt, slik det har vore gjennom generasjonar, med steingardar, bakkemurar, kisteveiter, slåttemark, kjelder, for å nemna noko.Hjå oss kan du få oppleva den gode atmosfæren ved å besøkja Gamlahuset, vandra i tunet og kulturlandskapet. Me fyrer gjerne opp i den gamle gardssmia, om du vil prøva deg på å smi ein liten ting, som du får med deg.Kanskje er du ute etter heilt spesielle opplevingar? Då har me eigne opplegg, der du kan delta i arbeidet med å ta vare på kulturmiljøet.""I ein stille og fredfull liten sidedal finn du garden Koppen. Her finst spor etter busetnad frå over 1000 år sidan. Koppen består av 14 bygningar i utmark og innmark, frå 1600-talet til i dag. Store delar av kulturlandskapet er intakt, slik det har vore gjennom generasjonar, med steingardar, bakkemurar, kisteveiter, slåttemark, kjelder, for å nemna noko.Hjå oss kan du få oppleva den gode atmosfæren ved å besøkja Gamlahuset, vandra i tunet og kulturlandskapet. Me fyrer gjerne opp i den gamle gardssmia, om du vil prøva deg på å smi ein liten ting, som du får med deg.Kanskje er du ute etter heilt spesielle opplevingar? Då har me eigne opplegg, der du kan delta i arbeidet med å ta vare på kulturmiljøet."
Adresse: Koppen, 5281 Valestrandsfossen, Hordaland, Norway
By: Valestrandsfossen
Rute: Koppen
Postnummer: 5281