Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord. Se mer på http://kristkyrkja.no
- Me ser på Bibelen som Guds pålitelege og forpliktande ord.
- Me byggjer kyrkjelyden på det Bibelen lærer om kva Gud har gjort gjennom Jesus Kristus for å frelsa oss frå syndene våre og gjera oss til borgarar av sitt fullkomne rike.
- Grunnpilarane for livet i kyrkjelyden er bøn, forkynninga av Guds ord og fellesskap.
- Saman skal me arbeida for at den glade bodskapen om Jesus skal bli gjort kjent for flest mogeleg menneske.
- Kyrkjelyden skal også vera eit omsorgsfellesskap. Jesus sa til læresveinane sine: “Slik som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.” Johannes 13:34
- Alle døypte som trur på Jesus er velkomne som medlemmer i kyrkjelyden.
- Truande som ikkje er døypte, kan verta medlemmer gjennom dåp.
- Me trur at dåpen sameinar den truande med Jesus Kristus, og at barn treng dåp like mykje som vaksne.
- Me trur at Jesus Kristus er den einaste vegen til Gud, og at alle døypte som trur på han er Guds barn og tilhøyrer Guds familie.
- Me trur at alle kristne er frelst og døypt til nært og forpliktande fellesskap med andre truande. Kristne som vil vera i Guds plan med liva sine må difor ta del i det indre livet i ein kyrkjelyd.
- Kyrkjelyden er karismatisk, og me ber om at alle skal verta fylte av Den Heilage Ande og bli utrusta med overnaturlege nådegåver.
- Kyrkjelyden er økumenisk. Me kjenner på ei djup forplikting til å søkja samarbeid og fellesskap med alle kyrkjelydar på Stord.
- Kyrkjelyden vert til dagleg leida av eit eldsteråd og eit diakonråd. Saman utgjer dei kyrkjelyden sitt styre.
- Eldsterådet har eit hovudansvar for medlemmene sitt åndelege liv og for kyrkjelyden sin innsats for å nå ut til nye menneske. Diakonane for praktiske, administrative og økonomiske saker.
- Medlemsmøtet er kyrkjelyden sitt høgste organ.
Kvar finn ein Kristkyrkja på Stord?
Me har våre gudstjenester på Grendahuset i Trodlahaugen 2
Menneskefiske. Disippelgjering
Frelse
"Kristkyrkja er ein evangelisk luthersk kyrkjelyd på Stord.Me møtest til gudsteneste på søndag ane, og til husgrupper på kvardagar."Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler