facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Kulturhuset Gamlebanken

Kulturhuset Gamlebanken

Info

Kunstgalleri med utstilling i to etasjar.
turistinformasjon om sommaren og kontor for Opera Nordfjord og Malakoff Rockfestival.

Historie

Vi ønskjer at Kulturhuset Gamlebanken skal vere ein kunstformidlar i Nordfjord, det vil ein vere ved og presentere ulike kunstuttrykk frå kunstnarar. Ulik billedkunst, foto, glas og kunsthandverk.
Opera Nordfjord har kontor i 3.etg. Her møtes dei store operastjernene og dei frivillige i operaen. Det er òg her operasjefen legg føringane for komande forestillingar i Opera Nordfjord.
I samarbeid med Eid Kommune har vi turisinformasjon i sommarhalvåret, med turistvertar i to månader frå 15. Juni til 15.august. Malakoff Rockfestival leiger kontor i huset, og er base for salg av effektar, vår og sommar. Kulturhuset Gamlebanken er i tillegg "Festivalkontor" i forkant av festivalen.
Kulturhuset Gamlebanken er som kjent driven på dugnad . Derfor er styret opptatt av og finne på aktivitetar som gjev pengar i kassa. Salg av kunst er ikkje nok til å dekke alle utgiftene til, straum, vedlikhald og forsikringar. Kulturhuset Gamlebanken har vore engasjert og deltakande for og få til " liv og røre " i sentrum. I samband med sommarshopping starta vi opp " Ute hos Arve " salg av kaffi og sveler kvar laurdag i sommarmånadene juni og juli.
Våren 2012 vart det vedteke og søkje om løyve for uteservering av øl og vin, dette har jo vore noko som har vore sakna i sentrum, opningshelga var ein suksess og vi fortsette vidare gjennom sommaren,sjølv om vergudane ikkje var på vår side. Eit partytelt var redninga for en kald og våt sommar , når hausten kom flytta vi puben inn i kjellaren i Gamlebanken. Opningstidene til puben har nok variert litt, grunna at alt er utført på dugnad.
Kulturhuset Gamlebanken er ikkje berre eit kunstgalleri, men eit fleirbrukshus for alle, som kan nyttast til mykje. Tenk deg ei 40 eller 50 årsfeiring, navnedag, konfirmasjon eller bryllaup. Med mykje fin kunst på alle veggar, høgt under taket og fin akustikk er dette med og gje ei fin ramme for selskapet.

Adresse: Eidsgata 10, 6770 Nordfjordeid
By: Nordfjordeid
Rute: Eidsgata 10
Postnummer: 6770



relaterte søk: gamlebanken pub, gamle banken larvik, gamle banken oslo
Nærliggende lignende selskaper
Bergset Mote Bergset Mote 65 meter Vi satser på mote fra gode merkevarer til dame, herre og ungdom. http://bergsetmote.n...
Elvebøen Burettslag Elvebøen Burettslag 547 meter Elvebøen burettslag
Kathult Kathult 5 km Her bur gullsmed Kathrine Berg saman med kattane Lina og Ida. I Snikkarboden er det s...
Anmeldelser
Flott galleri i vakre naturomgivelser. Mange dyktige kunstnere der Anbefaler å ta turen dit.
Uteplass mot Eidsgata.
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler