www.seljordkunstforening.no
Seljord kunstforening er ei aktiv foreining med ca 200 medlemmer. Drifta er i hovudsak konsentrert om den årvisse Sommarutstillinga. Dette er ei kollektivutstilling som har til formål å vise eit breiast mogeleg utval av norsk samtidskunst. Utstillinga har ein lang tradisjon som går 49 år tilbake i tid og har hausta mykje anerkjenning, både av kunstnarane som har stilt ut, og av publikum. Utstillinga er kuratert av eit kunstnarisk råd der medlemmene er aktive biletkunstnarar med lokal tilknyting. For Sommarutstillinga 2016 "Skumringssoner" består kunstnarisk råd av Øystein Wyller Odden, Ellen Henriette Suhrke og Ånond Versto.
Kunstlåven ligg i Seljord sentrum og er kunstforeininga sitt eige utstillingslokal. Bygninga vart ombygd frå fjøs og låve til galleri i 1991. Her er ca 1000m² utstillingsareal fordelt på 4 etasjar og 16 utstillingsrom, kafé og resepsjon. Romma har den opprinnelege forma, noko som gjer dei svært ulike, både i storleik og form. Dette gir igjen ein ekstra opplevingsdimensjon både for kunstnarane og publikum, og gjer Kunstlåven til ein særeigen utstillingsstad. Under Sommarutstillinga blir heile arealet i Kunstlåven i teke i bruk.
Besøksadresse: Kunstlåven, Brøløsvegen 4, 3840 Seljord
Postadresse: Seljord kunstforening, PB 81, 3835 Seljord
Buss frå Oslo:
Haukeliekspressen dagleg frå Oslo kl 09.30, mån-fre- og sundag kl 13.30 og kl 17.30, mån-laurdag kl 22.30. Bussturen tek ca 3 t
Velkommen!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler