Klatreklubb for klatreentusiastar i Kvam!
Kvam Klatreklubb har i 2017 fylgjande treningstider i Øystese Idrettshall:
Vaksenklatring tysdag 20.00-22.00
Barneklatring torsdag 18.00-19.30 (foreldre eller ein vaksen må vera med)
Me har òg eit buldrerom i gamle Norheimsund Ungdomskule 2.etg.
Dette er eit rom me leiger av kommunen så her kostar det 20kr/person/gong for medlem og 50kr/person/gong for ikkje medlem. Alternativt kan medlemmer kjøpe årskort for 400kr for enkelt medlem og 600kr for familie.
For betaling av medlemskort eller enkeltbruk, kan ein nytte Vipps og søke opp "kvam klatre klubb". Dette kjem lett opp når du er i buldrerommet.
I buldrerommet brukar ein ikkje tau og selar, det er meir som friklatring i låge høgder. Mogleg å klatre på alt av vegger og tak. Dersom du er interessert i dette, skriv ei melding på sida her.
For dei som har nøkkelkurs og brattkort er det anledning til å klatra fredagar 17.00-20.00 i Øystese Idrettshall.
Forutan dette klatrar me rett som det er i Steinstø eller ved Skårsvatnet. Dersom veret tillét dette.
(For enkelt medlem er prisen 400 kr/år.
For familiemedlem er prisen 550 kr/år
Alle medlemmer må snarast gå inn på min idrett og registrere seg som medlem på "kvam klatre klubb".
Dersom du ikkje har vore på min idrett før, må du registrere deg som bruker. Faktura vert då tilsendt til deg.
Alle som har betalt medlemskap vert automatisk forsikra i all klubbaktivitet til kvam klatreklubb, gjennom Norges Idrettsforbund.
Sjå link under for meir info om forsikring.
http://klatring.no/Klubb/Forsikringer/tabid/5204/Default.aspx)
Håpar mange er interesserte og møter opp.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler