Kvam kulturskule er ein av dei største kulturskulene i Hordaland. Skulen har omlag 500 elevar, og det vert undervist i 30 ulike disiplinar!
Kvam kulturskule er ein av dei største kulturskulene i Hordaland. Den vart starta i 1978 under namnet Kvam kommunale musikkskule men endra namn til Kvam kulturskule i 2004 då det vart tilbydd andre fag enn musikk.
I fagkrinsen i dag er det undervisning i visuelle kunstfag, dans, drama og ymse musikkutrykk. Kvam kulturskule har over 530 elevar i kulturskulen våren 2012. I tillegg får om lag 250 medlemmer i friviljuge organisasjonar instruktørar frå skulen.
Undervisninga skjer for det meste i Strandebarm, Tørvikbygd, Norheimsund, Øystese og i Ålvik. Det er tilsett 28 dyktige lærarar i kulturskulen og det vert undervist på om lag 30 forskjellige disiplinar.
Kvam kulturskule har også ansvaret for Den Kulturelle Skulesekken i Kvam, og her deltek om lag 600 elevar kvart år på diverse samspelprosjekt, formgjevingsprosjekt og danseframsyningar. Kulturskulen har og ansvaret for den lokale Ungdommens Kulturmønstring.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler