Vidaregåande skule, studiespesialiserande, Hardanger, Kvam, Øystese, Norheimsund, gymnas, Hordaland
Tilbod ved Øystese gymnas frå hausten 2013:
Innføringskurs for minoritetsspråklege
Studiespesialiserande
Studiespesialiserande med vekt på arbeidsliv og kvardagslivstrening
Skulen har fleire valfrie programfag:
Toppidrett og breiddeidrett (5t/v)
Musikk, dans og drama (5t/v)
Friluftsliv (5t/v)
Ved Øystese gymnas får du spesiell studiekompetanse som du og kan kombinere med idrett. Du kan velje toppidrett (5 timar - eitt eller tre år) eller breiddeidrett. Tek du til dømes toppidrett vil me tilby fordjupning i volleyball, fotball, langrenn og "hest". Skulen har lærarar med landets høgaste utdanning i idrett og lærarar med særs lang og variert erfaring. I spesialidretten din vil du få godt kvalifiserte lærarar.
Du kan sjølvsagt også ta generell studiekompetanse i lag med idrettsfaga.
Øystese gymnas opnar dører for deg og dine draumar.
Alle kan læra
Øystese gymnas skal verdsetje alle utan omsyn til evner og føresetnader
På Øystese gymnas skal kvar enkelt kjenna seg heime både fagleg og sosialt
Øystese gymnas vil fremja respekt, likeverd, trivsel og toleranse
Alle på Øystese gymnas skal oppleva eit rikt, positivt og inkluderande lærings- og arbeidsmiljø
Øystese gymnas skal vera open mot verda
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler