Eit årleg løp arrangert i Norheimsund til inntekt for Kreftforeninga.
I 2017 vert datoen sundag 4. juni.
Set av sundag 4. juni i kalenderen - det er datoen for Kvammaløpet 2017!
Me nyttar samme løype som tidlegare. Løypa er på ca. 6 km og går frå stranda i Norheimsund via Tveit til Vikøy og langs hovudvegen attende til Norheimsund. Trimklassen startar klokka 11.00-11.30. Det vert høve til å springe i trimklassen, men inga offisiell tidtaking.
Eit barneløp startar klokka 13.15. Løypa på ca. 650 meter vert kalla "Vetlaløpet" og er for born frå 0 og oppover. Her kan borna delta saman med ein vaksen om det er ynskjeleg. Løypa har samme utgangspunkt som Kvammaløpet, går opp i gang/sykkelsti ved det gamle hotellet, ned til gamle Matkroken og over brua til mål. Løypa vert godt merkt med ballongar, kjegler ol. Utdeling av medaljar og premiar etterpå.
Deltakaravgifta er kr 100 for enkeltpersonar og kr 200 for familiar i trimklassen. Vetlaløpet kostar kr 50 pr born. Påmelding før start.
Organiseringa av arrangementet er basert på frivillig innsats og utgifter vert dekka av sponsorar. Målet med løpet er å få til eit godt overskot - dette vert donert til forskning i kampen mot kreft via Kreftforeningen.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler