Kvinnherad mållag er eit lokallag i Noregs mållag, som arbeider for nynorsk på alle samfunnsområde.
Frå lovene til laget:
§ 1
Laget sitt namn er Kvinnherad mållag. Laget vart skipa 24. april 2014, då gamle Kvinnherad mållag, skipa tidleg på 1900 talet og skipa på nytt 1955, og Husnes mållag skipa 31.12.1933 vart slegne saman. Gamle Kvinnherad mållag hadde også med medlemer frå tidlegare og nedlagde Halsnøy mållag.
Alle, som er samde i føremålet, kan vera medlem i Kvinnherad mållag.
§2
Kvinnherad mållag har til føremål:
a) Å samla målfolk i Kvinnherad til aktivt arbeid for nynorsk på alle samfunnsområde
b) Å auka kunnskapen om og vyrdnaden for nynorsk og dialektane
c) Å styrkja grunnlaget for levande bygder og den folkelege bygdekulturen
----
Om skipinga av eit nytt Kvinnherad mållag:
Fram til 2014 eksisterte det to mållag i kommunen: Kvinnherad mållag (som grovt sett femna om indre luten og Halsnøy), og Husnes mållag (som grovt sett femna om ytre luten). Dette var basert på at det var fleire små mållag før i tida, og så var dei vidareført pga. gamle målpolitiske motsetnader - ikkje som del av nokon "indre/ytre luten-motsetnad".
I 2014 vart desse mållaga slått saman til nye Kvinnherad mållag.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler