facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Kyrkja i Hemsedal

Kyrkja i Hemsedal

Info

Her får du vite kva som skjer i kyrkja i Hemsedal!
http://kyrkja.hemsedal.no

Lurar du på noko? Ta gjerne kontakt med oss på [email protected]

Historie

Kyrkje i Hemsedal ligg på Trøim (Hemsedal sentrum). Kyrkjekontoret ligg i Kommunehuset like ved kyrkje.
Det er inngang og parkering på den sida som ligg nærmast kyrkja.
Kyrkjekontoret har ikkje sekretær, så det vil i periodar ikkje vera bemanna i den oppgitte opningstida.
Hastar det så ta kontakt på mobil +47 90821745
Du kan også henvenda deg til Tenestetorget i kommunehuset som og kan hjelpe med å svara på ein del spørsmål.


Det er ei kyrkje i Hemsedal, og ein kyrkjegard.
Kyrkja i Hemsedal er ei langkyrkje bygd i tre. Kyrkja stod ferdig og som vart vigsla i 1882. Kyrkja har 400 sittjeplassar, og arkitekt var Johannes Henrik Nissen.
Det historisk interessante orgelet i kyrkja er laga av August Nielsen omkring 1870, og har 8 stemmer og to manualer.
Før kyrkja som står i sentrum i dag hadde Hemsedal ei stavkyrkje. Desverre blei nesten alle dei gamle stavkyrkjene i Hallingdal skifta ut med nye kyrkjer i siste halvdel av 1800-tallet og stavkyrkja i Hemsedal vart difor rive. Den gamle stavkyrkjetomta som ligg ved Kyrkjebøgardane i Hemsedal sentrum kan fortsatt besøkjast. Ei av dei gamle altertavlene frå 1700-tallet frå den gamle stavkyrkja er fortsatt bevart og heng på ei av sideveggene i koret i Hemsedal Kyrkje.

Hemsedal sokn har også eit kapell som ligg i Lykkja omlag 22 km austover frå Trøim sentrum (35 min køyretid). Kapellet stod ferdig og ble vigsla til bruk i 1961. Det vart teikna av arkitekt Trygve M. Davidsen, og har omlag 100 sitjeplassar. Årleg er det 6-8 gudstenester i Lykkja om sommaren, jul og påske.

Harahorn hotell har også eit privat kapell som ligg 14 km frå Trøim sentrum. Kapellet vart bygd i 1996 med inspirasjon frå stavkyrkjer og har plass til opp til 50 personar (ståplassar). Det har rustikk innreiing og er lett å pynte med blomstar, lys, etc. Harahorn hotell eig kapellet og blir for det meste brukt til bryllaup.

Like eins har vi ei kyrkjestugo. Kyrkjestugo blir nytta til kyrkjeleg verksemd, foreiningsarbeid, til samlingar i kristne lag og organisasjonar og til bruk av humanitære og kulturelle lag og organisasjonar. Lokalet kan leigast til konfirmasjon, bryllaup, gravferd og til overnatting. Spørsmål om kyrkjestugu kan stillast til Monika Bakko
på tlf 32 06 05 53 / 901 76 267 eller epost: [email protected]

Adresse: Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal
Telefonnummer: +47 90821745
By: Hemsedal
Rute: Hemsedalsvegen 2889
Postnummer: 3560


åpningstider

Mandag: 09:00 - 15:00
Tirsdag: 09:00 - 15:00
Onsdag: 09:00 - 15:00
Torsdag: 09:00 - 15:00
Fredag: 09:00 - 12:00

Anmeldelser
Kyrkje frå siste halvdel av 1800-talet. Fin å sjå på.
Her kan du høre om Jesus.
Oversatt av Google Utsiden er også en vakker lokal kirke. Original .
Oversatt av Google En vakker liten kirke. Original En vacker liten kyrka.
Oversatt av Google Nyere kirke. Original Neuere Kirche.
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler