Arkivet tek vare på lokalt stoff i tekst, bilete og lyd. Her kan privatpersonar, lag og bedrifter levere stoff slik at det vert tatt vare på for ettertida.
Arkivet har ein del tidsskrift og bøker av både eldre og nyare dato. Her finn du bygdebøker frå Hallingdal og nokre stader utanom. Ikkje noko av materialet er til utlån, men det meste kan du få lese hjå oss
Har du noko du ynskjer å bli kvitt, la medarbeidarane i arkivet avgjere om det er interessant å ta vare på eller ikkje.
Har du gitt ut eller skal du gi ut bok, hefte eller anna med lokalt stoff? Kan du vera snill og gi eit eksemplar til arkivet
På nettsida vår www.aalbygdearkiv.no finn du eit oversyn over noko av det me har samla. Kom gjerne innom for å ta ein kikk.
Det er folk til stades som kan hjelpe deg i å finne fram. Dei er der: torsdagar kl 10-17 og
laurdagar kl 10-13.
Er dette vanskelege tider for deg kan du kontakte oss for å avtale eit anna tidspunkt.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler