Økologisk gardsbruk ved sjøen - må opplevast!
Løken Gård er ein økologisk gard, som ligg idyllisk til ved sjøen i Eide kommune. Garden har fokus på ammekuproduksjon og bringebær. På garden fins ein kiosk der vi sel is, vafler, kaffi, brus, bringebær og råpressa bringebærsaft i 3-liters "bag-in-box".
Kjenner du at det hadde vore på sin plass med litt røyrsle i kroppen, og litt vind i håret? Ta med partner og/eller born til Løken Gård, der er det mogleg å leige pedalbåten som ligg i fjæra ved eigedomen til garden!
Du kan også ta ein spasertur til Karlsholmen og sjå på dei eldgamle viking-gravene. Kanskje får du auge på dei fine delfinane som symjer og leikar seg i Kornstadfjorden.
På garden er der mange dyr, som både store og små kan ha glede av å sjå. Kom innom for ein koseleg dyreprat, i eit fredeleg bondemiljø!
Kiosken på garden sel den herlegaste softisen i mils-omkrets!!
Telefon 71295884 / 47618206
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler