Lærdal Kino
Kvar?
Lærdal kommunale kino held til i Lærdal Kulturhus og har til vanleg framsyningar kvar helg.
Kinoprogrammet finn du her på facebooksida vår (under Hendingar), i aktivitetskalendaren på kommunen si heimeside, i Sogn Avis, Helg & Kvardag, Det Skjer, skjermane i butikkane og på oppslag i kulturhuset og i plakattavlene på rådhuset og kulturhuset.
Teknisk
I januar 2011 vart våre to trufaste 27 år gamle Tsjekkoslovakiske Meopta kinomaskiner bytta ut med ein Christie CP2220 digital kinoprojektor. Kinoen har topp moderne lydanlegg; Electrovoice og JBL høgtalaranlegg, Dolby surround prosessor og QSC forsterkarar.
Sjølve salen har 150 komfortable sitjeplassar.
Filmane som vert synt for publikum under 18 år vert kontrollert på førehand av Statens filmtilsyn. Filmen blir då vurdert etter gjeldande reglar og praksis i §§ 5 og 6 i filmlova.
Aldersgrenser på kino
A – tillate for alle
6 år – alle born i fylgje med vaksne
9 år – born ned til 6 år i fylgje med vaksne
12 år – born ned til 9 år i fylgje med vaksne
15 år – unge ned til 12 år i fylgje med vaksne
18 år – absolutt aldersgrense
Billettprisar på kino
Vaksne kr. 100
Born kr. 80
Eigne prisar for einskilde premierer og spesielle framsyningar
Lærdal kommunale kino tilbyr stemplingskort der kvar 10. film er gratis
Det er høve til å kjøpe gåvekort til kinoen i servicesentralen på rådhuset.
Me oppmodar føresette om å følgje barn på kino
Ved bråk og uro i salen vert filmen stansa.
Kinoansvarleg: Øyvind Hamre
Telefon: 905 84 198
E-post: [email protected]
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler