
Denne sida vil handle om alt som føregår i studioet mitt, frå videoopptak, videooppdrag, referansar, lydstudiooppdrag,m.m.
Har du gamle videokassettar o.l. du ønskjer å få digitalisert?Gamle kassettbånd/ vinylplater du ønskjer å få digitalisert til mp3/Wav-format?Eller har du planar om innspeling av CD-plate eller video? Eg tek på meg all slags oppdrag innan lyd-og bildeproduksjon. Dvs. lydopptak i studioet mitt. Pris: Kr.125,- pr.overført time ved digitalisering av videoar. For lydoppdrag, tek eg kr.250,- pr.time, for då går det litt tid med redigering. Bruker Cubase 7 ,samt ein god del plugins til musikkproduksjon...Til video-oppdrag, brukar eg PINNACLE 15 og Sony Vegas 12..Videoopptak for bryllup, revyar, idrettslag,m.m....
Ta kontakt for timepris. Rabattar ved større oppdrag.
Video-oppdrag er bl.a. redigering frå "scratch", dvs., har du gamle video-opptak, kan eg redigere dei for deg eller berre overføre. Overføringa er billegare, for då er det inga redigering i oppdraget.
Eg kan digitalisere( overføre til PC/ Harddisk/ DVD) følgjande:
Hi8 mm., mini-DV, VHS, S-VHS( eller VHS-C som det også heiter), Vinyl-plater, Kassetter
Studioet mitt er lokalisert på Leikanger i Sogn, og eg tek på meg alt frå Studiosessions( studio-oppdrag for andre musikarar), CD-opptak for utdrikningslag, Demo-CD, pålegg av ymse instrument,er behjelpeleg med å hjelpe andre med musikalske talent til å opprette dei rette kontaktene innan musikkbransjen. Har følgjande instrument i mitt studio: Fender Telecaster( 50's), Fender Stratocaster( 50's), Takamine Kassegitar( ny i 2012), MIDI-keyboard, 2 stk. Monitorar frå SLX AUDIO( 2x125 W), 2 mindre monitorar frå SLX AUDIO( 2x75 W), Sub frå SLX AUDIO( 175 W), Korg D1600 Harddiscopptaker, M-Audio Fasttrack Ultra 8R lydkort, TC Helicon VoiceLive2( vokalprosessor). Opptaket i Audio blir gjort med siste versjon av Steinberg's Cubase 7 ( iPad 3 som DAW-controller), og videoredigeringa blir gjort i Sony Vegas Pro 12. Eg prøver heile tida å vera oppdatert med siste innanfor plugins, og har bla. Toontrack Superior Drummer 2.3, Spectrasonics( Trilion, Ominsphere og Stylus RMS), Halionsonic 2, FM8, B4 II.
Av videoutstyr, har eg følgjande:
Panasonic AC AG90 videokamera som filmer i høgste HD-kvalitet, med Røde NTG-2 shotgun Mikrofon, Panasonic HC X920 HD kamera som også kan koblast opp mot WiFi og streaming via USTREAM, Sennheiser Trådløse mikrofoner, kamerastativ, kameralys. Bilder blir snart lagt ut.
Leiren Studio er også ein del av enkeltmannsforetaket Leiren Multimedia & Entertainment, som då består av Leiren Studio( digitalisering av video, videoredigering,lydstudio), samt Trubaduren Tore Leiren, som også har eigen Facebookside.(http://www.facebook.com/TrubadurenToreLeiren?ref=hl )
Leikanger musikkbinge
2 km
Leikanger Musikkbinge er plassert sentralt i kommunen nedom bankbygget, ved sidan av ...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler