Leveld Teaterlag er - med over 20 forestillingar dei siste 20 åra - ein viktig kulturaktør i Hallingdal.
Leveld Teaterlag er eit lite og godt teaterlag i bygda Leveld i Ål kommune.
Dei siste 20 åra har teaterlaget omtrent hatt ei oppsetting i året. Spennet mellom dei forskjellige produksjonane har vore store. Nokon gonger store oppsettningar med over 50 personar på scenen, andre gonger små med berre sju.
Den fyrste store satsinga kom i 1987 med «Dikt og forbanna draum – ein haugarock». Seinare har laget spelt mange forskjellig stykke i ulike sjangerar; Ein midtsommarnattsdraum, Den spanske flugu, Gengangere, Brødrene Østermanns huskors, Charlie og sjokoladefabrikken, Den syngende frøken detektiv m.fl.
I 1994 fekk Leveld Teaterlag Ål kommune sin kulturpris. I 2002 vart laget tildelt Buskerud Mållag sin målpris.
No i 2016 sett teaterlaget opp farsen "Rett i lomma." Premiæren vil vere hausten 2016.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler