Lindås kommune ligg i Nordhordland. Folketalet er litt over 15.000, og vi har plass til fleire! Velkommen til Lindås, som innbyggjar eller besøkande.
Velkommen til facebooksida vår. Her delar vi nyttig informasjon frå Lindås kommune, og gir deg eit innblikk i korleis det er å leve og bu her!
Alle er velkomne til å skrive på facebookveggen vår, så lenge innhaldet er relevant og sakleg.
SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARER?
- JA, TAKK!
Del gjerne spørsmål og innspel på denne sida. Vi svarar på spørsmål i arbeidstida, så snart vi har høve.
Spørsmål som krev sakshandsaming høyrer ikkje heime på facebooksida til kommunen. Dei må du sende til kommunen på andre måtar, til dømes i ein e-post. Kontaktinformasjon til dei ulike avdelingane finn du på heimesida vår.
SKRIV KORT - VER SAKLEG!
Ver sakleg når du skriv innlegg eller kommenterer det andre har delt. Då vert du oppfatta som ein seriøs bidragsytar.
VART INNLEGGET ELLER KOMMENTAREN DIN SLETTA?
Vi fjernar innlegg som er usaklege, inneheld personangrep, namngir tredjepersonar eller er i strid med norsk lov. Det er sjølvsagt lov å vere ueinig med kommunen!
Facebooksida til kommunen er ikkje ein stad for kommersiell reklame.
KONTAKT OSS
Det er informasjonsrådgjevar og webredaktør som administrerar sida. I tillegg har tilsette i ulike fagavdelingar tilgang til å dele informasjon her. Har du spørsmål eller innspel? Ta kontakt med oss på 56 37 50 00 eller [email protected] .
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler