Lions Club Ørsta vart skipa 24.06.1980. Vårt motto: Ei god gjerning er betre enn tusen gode tankar.
For å kunne bidra til lionsarbeidet lokalt og internasjonalt, har vi fleire faste aktivitetar for å samle inn pengar. Sida 1981 har vi gjeve ut «Ørstakalenderen». Dette er ein årskalender med historiske bilete frå Ørsta, som vi sel i desember månad. Tulipanaksjon siste laurdag i april og utlodding av eit objekt i vår/sommarmånadane, td. leikarhytte. I tillegg til internasjonale prosjekt, støttar vi mange lokale tiltak, fortrinnsvis barne og ungdomsarbeid. «Det er betre å byggje born enn å reparere vaksne»
Kvar einaste krone vi samlar inn går uavkorta vidare til gode tiltak.
Drift av klubben og Lions nasjonalt og internasjonalt, blir dekt av medlemskontingenten.
Vi har medlemsmøte første onsdag i kvar månad, i Ankerstova ved Ørsta Småbåthavn. Klubben høyrer heime i Ørsta kommune, på Sunnmøre og tel pr. 1.1.2017 27 medlemmar
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler