Hytta ligg i eit fredeleg og naturskjønt område. Øyfjell har mange fine oppkøyrde langrennsløper og ligg kun 25 minuttars køyring frå Rauland skisenter.
Om hytta
Hytta ligg på eit lite småbruk der elg, rev og rådyr gjerne tar seg ein tur innom gjennom heile året.
Hytta er eit av to små hus på garden.
Bruket ligg sist på ein veg og det er difor ingen gjennomgangstrafikk.
Om hytta
Kjøkken med komfyr, kjøleskap/frys, oppvaskmaskin, kaffetraktar, vannkokar samt nødvendig dekketøy og utstyr.
Stova har peisomn, spisebord og sofakrok.
Det er trådlaust fibernett, cd/radio.
Hytta har 1 soverom med familiekøye + sovesofa i opphaldsrom.
Boligareal: ca 44
Ein kan leige sengesett for NOK 100 inkl. håndkle
Sluttreingjering kan leigast
Beliggenhet: ca 1 km frå kyrkja i Øyfjell og 2km frå hovudveg/butikk.
Om Øyfjell
Øyfjell er ei naturskjønn og aktiv bygd med mykje som skjer både sommar og vinter. Aktivitetskalender og info finn du på http://www.vest-telemark.no/Aktoer/OEyfjell
Me har fleire mil med oppkøyrde løyper i bygda vinterstid, kart og førerapport finn du på: http://loypelag.no
Løypene starter 2 km frå hytta, parkering ved skulen/grendehuset. Det ligg løypekart på hytta:)
Skisenteret i Rauland finn du berre 25 minuttars køyring unna, Rauland byr og på mange og lange langrennsløyper, sjå: http://visitrauland.com/
Det same gjeld for Haukeli området http://www.visithaukeli.org/
Hytta ligg 2 km frå Trovatn landhandel (Matkroken)
Øyfjell er eit fint utgangspunkt for utflukter til m.a. Rauland, Dalen, Eidsborg, Seljord, Haukeli og Kviteseid.
Vest-Telemark-portalen fortel mykje om området: http://www.vest-telemark.no/
Og ynskjer du å fiske er det moglegheitar for det kun 15 minuttar unna, fiskekort får du kjøpt på inatur.no, sjå eigen link nederst på sida.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler