Livsgledefestivalen er kulturfestivalen på Jæren for heile familien! I 2020 vert festivalen arrangert 4. - 8. mars.
Livsgledefestivalen vert arrangert på Bryne i Time kommune kvart år i veke 10.
Livsgledefestivalen starta med opninga av Fritz Røed skulpturpark i 2004. Kommunen har sidan då organisert livsgledefeiringa saman med aktørar frå heile lokalsamfunnet.
Livsgledefestivalen skal romme arrangement for alle aldersgrupper og me inviterer med alle som har eit arrangement som dei vil bidra med til denne festivalen. Målet med Livsgledefestivalen er å forsterka fokus på livsglede generelt, og byggja vidare på tanken som ligger til grunn for Fritz Røed skulpturpark, å vera til glede.
Livsgledefestivalen formidlar mange uttrykk gjennom alle dei arrangementa som tidlegare har vore under festivalen, kunst, mat, samhald, natur, og me feirar livsgleda både ute og inne, for eldre og unge.
Dei siste åra har koordineringa av festivalen vore eit samarbeid mellom Brynebyen, Brynes Vel og Time kommune.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler