
Lom fjellstyre forvaltar bruksrettane i Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leir- og Bøverdalen statsallmenning, som tilsaman har eit areal på ca. 1.2 mill.
Vel 76 % av Lom kommune er statsallmenning. Lom fjellstyre forvaltar bruksrettane i Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leir- og Bøverdalen statsallmenning, som tilsaman har eit areal på ca. 1.2 mill. dekar. I tillegg til dette ligg 95 % av Finndalen statsallmenning i kommunen. Denne er på 267.000 dekar og har sitt eige styre samansett av representantar frå både Lom, Skjåk og Vågå kommunar.
Ein liten del av allmenningarealet ligg nord for Otta elv og hovuddalføret og fråskild det andre, medan resten samanhangande ligg sør for Otta elv og utgjer sentrale delar av Jotunheimen. Statsallmenninga omfattar m.a. vel halvparten av Jotunheimen nasjonalpark, eller ca. 600 dekar.
Mest heile allmenninga er høgfjellsterreng. Berre 2 % av arealet ligg under tregrensa. Terrenget og landskapet er vekslande. Frå vide dalar og avrunda landskapsformer i grenselandet mot Sjodalen i aust, går landskapet over til meire opprevne fjellformasjonar og trongare dalar mot Vest-Jotunheimen. Omlag halvparten av alle 2000meters-toppane i landet ligg i statsallmenninga, deriblant dei to høgste, Galdhøpiggen og Glittertind. Inne iblant desse toppane ligg ei mengde brear av varierande storleik, der Smørstabbreen med sine 15 km2 er den største.
Riksveg 55 over Sognefjellet går igjennom dei vestlege delane av allmenninga. Dette er den høgstliggjande fjellovergangen i landet med eit høgste punkt på 1435 m.o.h. Elles går det ei rekkje bomvegar inn i allmenninga. Dei fleste av desse endar opp ved turisthytter. Det går bomveg til Juvasshytta, Leirvassbu, Spiterstulen, Høydalsseter, Sålell og Veodalen. Vegen opp til Juvasshytta, som ligg på 1840 m.o.h., er det høgste ein kjem med bil her i landet. Andre tilkomstvegar til allmenninga er med rutebåten over Gjende til turisthyttene Memurubu og Gjendebu.
I Statsalmenninga er det omlag 140 små og store fiskevatn, og 130 km med fiskeførande elver og bekkar. Aure er det einaste fiskeslaget. Berre eit fåtal av vatna er sjølvrekrutterande, og det blir såleis sett ut eitt- eller to-årig settefisk i dei fleste vatna. Det høgstliggjande fiskevatnet er Juvvatnet på 1835 m.o.h.
Almenninga har og gode bestander av både storvilt og småvilt.
Lom Vinmonopol
108 meter
Looks as cute little wine store, could not enter it, opening hours were incompatible ...
Lom Stavkirke
174 meter
Man føler ett historisk sus når man går inn gjennom porten til Lom Stavkirke . Den ov...
Stavkirke de Lom
174 meter
Man føler ett historisk sus når man går inn gjennom porten til Lom Stavkirke . Den ov...
Lom Stavkirke
174 meter
Man føler ett historisk sus når man går inn gjennom porten til Lom Stavkirke . Den ov...
Lomin Sauvakirkko
214 meter
Man føler ett historisk sus når man går inn gjennom porten til Lom Stavkirke . Den ov...
Lom Akupunktur
223 meter
Lom Akupunktur tilbyr behandling som ivaretar hele mennesket og som er tilpasset hver...
Jotunfjell leirskole
416 meter
Flott sted med en litt spesiell spisesal, som blir holdt opp av 5 store trær som er p...
Kiwi Lom
511 meter
Frukt bør utskiftet oftere. Urtene bør selges for 50% når de er på hell, det gjelder ...
Jotunheimen Bygg
748 meter
"Byggefirma i Lom som utfører alle typer byggeprosjekter, inkludert restaurering...
Kolbeins produkter
927 meter
Jotunheimen Rein
3 km
Absolutt en fin tur å ta på sommeren, men anbefaler å ta det rett før sommer ferien f...
Lia grunneigarlag
7 km
Velkommen til Lia grunneigarlag si facebookside. Målet med denne sida er å nå ut med ...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler