Lygra Villsaulag driv eit aktivt jordbruk for å halda kulturlandskapet i hevd.
Laget vert drive av bøndene på ytre Lygra.
Etter eit langt forskningsprosjekt i lag med Bioforsk, har denne type drift vorte ein viktig ressurs når det gjeld å ta vare på det åpne kystlandskapet.
Villsauene, eller Gammalnorsk sau som dei egentleg heiter, går ute heile året, og lever av det som veks på utmarksbeite.
Vår & høst vert sauene sanka.
Dei vert vaksinert, kløppt og merka.
Mange vert til mat & skinn, og nokre skal brukast vidare i avl.
Er du interessert kan du få vera med å læra meir om dette.
Delar av året har me smakfullt sauekjøtt & søte villsauskinn for salg.
Dei 2 siste åra har LVL samarbeida med Hillesvåg Ullvarefabrikk, som har laga nydeleg garn av villsau-ulla.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler