Fylkeskommunen har eit viktig samfunnsoppdrag som leverandør av velferdstenester og med eit særskilt ansvar for regional utvikling.
Møre og Romsdal fylkeskommune har fått i oppdrag frå Stortinget å løyse sentrale samfunnsoppgåver og fremje ei ønskt samfunnsutvikling i vår region.
Samfunnsoppdraget er knytt til å vere leverandør av velferdstenester med eit særskilt ansvar for regional utvikling. Mål for den regionale utviklinga er felt ned i Fylkesplan for Møre og Romsdal.
Oppgåvene blir løyste i samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar i fylket.
Fylkeskommunen skal også vere ein demokratisk arena som gir innbyggarane høve til å delta og ha innverknad på den regionale utviklinga.
Fylkestinget er det øvste politiske organet, med fylkesordføraren som øvste politiske leiar.
Øvste administrative leiar er fylkesrådmannen.
Møre og Romsdal fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgiverane i fylket, med om lag 2500 tilsette. 2000 av desse arbeider ved ein av dei 23 vidaregåande skulane og dei to fagskulane i fylket, medan 200 arbeider ved ein av dei 37 tannklinikkane. Om lag 250 arbeider i sentraladministrasjonen.
Ein tydeleg medspelar
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler