facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Manger Ungdomslag / Solvang

Manger Ungdomslag / Solvang

Info

Manger Ungdomslag er eit frilynt lag for meiningsfylte og allsidige fritidsaktivitetar.

Historie

Manger Ungdomslag (MUL)

Ungdomshusa vaks fram rundt 1905 og hadde si største blomstringstid i 1920- og 30-åra. Ungdomslagshusa var og er ikkje berre klubbhus for skrivne lagsmedlemmer. Ungdomshusa vart viktige grendahus og kulturhus i sine områder.
Manger Ungdomslag er eit frilynt lag for meiningsfylte og allsidige fritidsaktivitetar.
Laget eig ungdomshuset Solvang og hovedoppgåva er å skaffe inntekter til drift av huset.
Laget skal være ein aktiv medspelar i utviklinga av eit levande og godt nærmiljø for alle som bur på Manger og omegn.
Manger Ungdomslag ynkjer å skape eit betre lokalsamfunn gjennom meiningsfylte kulturaktivitetar.

Det er medlemene som gjennom årsmøtet vedtar arbeidsprogram og budsjett, godkjenner årsmeldingar og rekneskap, fastset kva politiske standpunkt ungdomslaget kan ta, og som vel kven som skal styre laget. Ungdomslaget har vedtekter som medlemene har bestemt, som fortel kva føremålet til laget er og som legg rammene rundt engasjementet og aktiviteten i laget.
Manger Ungdomslag er eigar og driftar av ungdomshuset Solvang. Drifta vert gjort på dugnad. Trivelege samlingstader er eit vilkår for all sosial og kulturell verksemd i bygd og by. Dessutan er dugnad engasjerande og samlande for dei som er med.
Solvang vart bygd i 1919. Huset har vorte utvida, det har vorte laga parkeringsplas utanfor, samt pussa opp innvendig fleire gongar i løpet av alle desse åra. Siste oppussing var sommaren 2014 der heile huset innvendig, utanom kjøkkenet vart pussa opp. Nye vindauge, delvis ny kledning og ny farge utvendt, i tillegg til ein stor terrasse på oppsida av huset. Huset framstår no som ein flott plass å arrangera ulike tilstelningar. Huset vert brukt til aktivitetar i regi av MUL men vert også leigd ut til bryllaup, barnedåp, åremålsdagar, konfirmasjonar, kurs, møter etc. Salen er ca 110m2 og det er stolar/bord/ dekketøy til ca 85 pers. Solvang har ein scene på 30m2 med tilhørande scenerom. Huset har tilkomst for rullestolbrukarar og handikapptoalett.
Styret i Manger Ungdomslag er:

Raymond Stordal (leiar) 92419554
Else Marie Nødtvedt (Kasserar) 98823011
Bjørn Erik Klausen 90236699
Gjermund Lervik 99599977
Bente Ynnesdal 92062029

Adresse: Mangersnesvegen 81, 5936 Manger, Norway
By: Manger
Rute: Mangersnesvegen 81
Postnummer: 5936


Nærliggende lignende selskaper
Nordhordland Pistolklubb Nordhordland Pistolklubb 622 meter Klubben ble startet i 1988. Vi holder til i Radøyhallen på Manger i Radøy ,inngang på...
Manger IL- Boccia Manger IL- Boccia 691 meter Manger IL- Boccia gruppe ble opprettet 24.11.15 som første boccia lag i idrettskretse...
Fagforbundet Radøy Fagforbundet Radøy 770 meter Velkommen til fagforbundet Radøy. Fagforbundet er Norges og LOs største arbeidstakar...
Manger Senterforening Manger Senterforening 887 meter Manger Senterforening
Kolstad Grendahus Kolstad Grendahus 3 km Kjempekoselig santans afta Nydelig mat god underholdning og masse kjekke folk
Radøy Skyttarlag Radøy Skyttarlag 5 km Radøy skytterlag er et skytterlag i Det Frivillige Skyttervesen (DFS). DFS ble oppret...
Anmeldelser
Veldig greit sted å ha en fest, eller lign. Flott rom, hjemmekoselig og greit
Fint og triveleg festlokale
Kommenter på dette stedet

Veibeskrivelse til Manger Ungdomslag / Solvang med offentlig transport


Urhaugvegen 440 meter
324

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler