
Melchiorgarden
Melchiorgarden er kjent som eige bruk sidan tidleg på 1700-hundretalet. Garden ligg som nummer to frå sjøen, på ”Dalssida”, i bygda Norddal.
Som ein av tre geitegardar som framleis er i drift i Norddal, samarbeider vi om drifta på Herdalsetra, der geitene oppheld seg på sommarbeite. Her leiger vi ”budeier” til å ta seg av mjølking og ettersyn i juli – august. På setra har vi hytte, som vi leiger ut i periodar av vår, sommar og haust.
Kjekjøt har vorte ei etterspurd vare, og april månad er høgsesong. Kjea vert slakta anten vår eller haust. Dei første etter om lag seks veker, og har då ei slaktevekt på rundt fire kilo. Kjea som får gå på sommarbeite, og som ikkje skal brukast som mjølkedyr, vert slakta i september. Dei har då slaktevekt på opp til 15 kg.
Geit som ikkje får kje vert og slakta. Desse gjev oss også eit framifrå kjøtprodukt. Ferdig oppmale geitkjøt, eller grovparterte skrottar kan skaffast både vår og haust. Pinnekjøt og spekelår vert produsert i tida fram mot jul, og bør tingast i god tid.
Dei siste åra har vi planta ut ca 7 mål bringebær, og sommaren har vi difor hendene fulle med å stelle planter. Torunn si bringebærsylte har vorte svært populær, og frå slutten av juli og ut august er det også ferske bringebær å få i Melchiorgarden.
Torunn & Petter
Søstrene Dale
734 meter
Vi går i pappa sine fotspor: Saman med biene våre produserer vi ein fløyelsmjuk somma...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler