Som coach brukar eg ulike metoder og teknikkar for å få deg til å ta gode val, sette deg tydelege mål og tileigne deg nye og forbetra ferdigheiter. Mi rolle er å leie prosessen, inspirere og utfordre deg på vegen.
MIN BAKGRUNN
Eg brenn for å gjere andre gode og å vere ein ressurs for andre. Tidlegare møtte eg mennesker i både glede og sorg ved å vere blomsterdekoratør - i bryllaup, og når nokon hadde mista sine kjære. Eg utvikla etterkvart ei interesse for mennesket sine indre prosessar og reaksjonsmønster, samt eit ønske om å spele ei positiv rolle i liva til andre. Då eg fekk lære om NLP falt brikkane på plass og eg hadde funne ein måte å bidra til andre si utvikling på. Som NLP-coach får eg vere ein positiv lagspelar for mennesker som vil noko, som er klare for ei forandring. Å ta del i denne prosessen, heie på og motivere, og sjå at delmål for delmål blir nådd, det er den store motivasjonen for meg!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler